Pressemelding -

MS Finnmarken tilbake til Green Yard Kleven

Hurtigruten skal bygge om MS Finnmarken til eit hybriddrive ekspedisjonsskip, og Green Yard Kleven i Ulsteinvik har fått oppdraget med den omfattande tekniske oppgraderinga.

- Dette er eit spanande oppdrag for oss, og ei god nyheit å kunne gi til våre tilsette. Ekstra hyggeleg er det også at det er lokale leverandørar som skal vere med og utføre mykje av jobben, seier Kjetil Bollestad, administrerande direktør i Green Yard Kleven.

Hareid Group frå Hareid og Fjord Technology frå Ulsteinvik er hovudleverandørar saman med Green Yard Kleven. Ventilasjon blir levert av Aeron frå Flekkefjord, og sjølve hybridpakken blir levert av Siemens.

Blei bygd på Kleven
I 2020 blei Hurtigruten-skipet totalrenovert innvendig. Den tekniske oppgraderinga og hybridpakken som no skal installerast, er siste del av ombygginga før MS Finnmarken blir eit fullverdig hybrid ekspedisjonsskip. Skipet får navnet MS Otto Sverdrup, og skal segle for Hurtigruten Expeditions.

MS Finnmarken blei bygd på Kleven og levert til Hurtigruten i 2002.

- Det er ein stor fordel for oss at både vi og samarbeidspartnarane våre kjenner skipet frå byggetida. Vi har mange tilsette som var med på å bygge skipet, og det er dei samme tilsette som i seinare tid har bygd dei to nyaste hybriddrivne ekspedisjonsskipa til Hurtigruten, MS Roald Amundsen og MS Fridtjof Nansen. Dette gir ei unik kompetanse som vil vere til stor hjelp i den omfattande ombygginga av skipet, seier Kjetil Bollestad.

Oppdraget startar i februar
I tillegg til å installere hybridpakken, som består av ein batteripakke i kombinasjon med dieselmotorar, skal det monterast inn nye kombinerte akselgeneratorar og drivmotorar saman med nye frekvensomformarar. MS Finnmarken kjem til verftet i midten av februar, og vil gje arbeid utover våren 2021.

- Vi takkar Hurtigruten Expeditions for tilliten og ser fram til å utføre dette grøne oppdraget, avsluttar Kjetil Bollestad.

Emner

  • Industri, produksjon

Kategorier

  • ms finnmarken
  • green yard kleven
  • hurtigruten
  • hurtigruten expeditions
  • ms otto sverdrup
  • ettermarknad

Regions

  • Møre og Romsdal

Green Yard Kleven AS i Ulsteinvik er saman med søsterverftet Green Yard Feda på Angholmen ein del av Green Yard Group. Skipsverftet Green Yard Kleven tilbyr nybygg, reperasjonar, ombygging og resirkulering av skip. Verftet har stor kapasitet for stålproduksjon, og er det verftet i Noreg som har størst grad av eigen robotisert stålproduksjon. Verftet er ISO-sertifisert innan miljø og kvalitet.

Kontakter

Hans Jørgen Fedog

Pressekontakt Konsernsjef i Green Yard Group +47 92 35 00 20