Gå videre til innhold
MS Fridtjof Nansen vart levert frå Kleven Verft til Hurtigruten i desember 2019. Skipet vil ligge til kai ved verftet litt ut på nyåret, der Hurtigruten vil bruke tida fram til seglingane i mars til klargjering. Foto: Photo Motion / Hurtigruten
MS Fridtjof Nansen vart levert frå Kleven Verft til Hurtigruten i desember 2019. Skipet vil ligge til kai ved verftet litt ut på nyåret, der Hurtigruten vil bruke tida fram til seglingane i mars til klargjering. Foto: Photo Motion / Hurtigruten

Pressemelding -

MS Fridtjof Nansen er levert til Hurtigruten

Kleven Verft har levert ekspedisjonsskipet MS Fridtjof Nansen til Hurtigruten. Overlevering med flaggskifte tok stad fredag 20. desember 2019.

– Det er berre å gratulere Hurtigruten med eit splitter nytt ekspedisjonsskip! Det er eit fantastisk skip vi har levert – denne gangen også. Eg er utruleg stolt og imponert over jobben som er gjort av våre dyktige medarbeidarar og samarbeidspartnarar. Det å bygge eit så avansert skip er litt av ein prestasjon, seier Kjetil Bollestad, administrerande direktør i Kleven Verft.

Skipet blir levert så tidleg at Hurtigruten har bestemt seg for å lansere ei rekke eksklusive ekstraseglingar før den planlagde jomfruturen – til mellom anna dei britiske øyane og Norge. Men fyrst kjem MS Fridtjof Nansen til å bli liggande til kai ved Kleven verft utover nyåret, der Hurtigruten vil bruke tida fram mot dei fyrste seglingane i mars til opplæring og klargjering.

MS Fridtjof Nansen er søsterskipet til MS Roald Amundsen, og dei er verdas fyrste hybriddrevne cruiseskip. Begge er bygde ved Kleven Verft i Ulsteinvik, og skal segle på ekspedisjonscruise for Hurtigruten – som er verdas største ekspedisjonscruise-reiarlag.

Bygd på erfaring og godt samarbeid
MS Fridtjof Nansen har blitt bygd på erfaringa frå søsterskipet, og det har gitt byggeprosessen store fordelar.

- Sidan i sommar har vi hatt ei utruleg god framdrift i byggeprosessen. Det er komplekse skip å bygge med mykje meir logistikk enn eit offshore-skip. Vi lærte mykje av å bygge det fyrste skipet, samtidig som vi gjorde ein del tiltak internt for å få betre kontroll på heile gjennomføringa. Dette har vore avgjerande for framdrifta av skip nummer to. Å levere framifrå kvalitet er utruleg viktig for oss, og vi er trygge på at det har vi gjort, seier Bollestad.

- Underleverandørar, Hurtigruten og Kleven har alle hatt eit veldig godt samarbeid, og jobba mot eit felles mål - med tanke på kvalitet og leveringstid. Alle har særs god grunn til å vere stolte over jobben som er gjort.

Søsterskipet MS Roald Amundsen vart levert i juni 2019. Design av begge skip er levert av Kongsberg Maritime AS.

Fullt av miljøvennleg teknologi
Jomfruturen for MS Fridtjof Nansen var opphaveleg planlagd frå Hamburg 1. april 2020. Etter ein vellykka prøvetur og stadfesting av leveringsdato, bestemte Hurtigruten seg for å legge til ei rekkje nye ekspedisjonscruise før den planlagde jomfruturen.

Les meir her: https://presse.hurtigruten.no/pressreleases/hurtigrutens-nye-hybridskip-snart-klar-lanserer-eksklusive-ekstra-seilinger-2950316»

MS Fridtjof Nansen er bygd for nokre av verdas mest krevjande og spektakulære farvatn. Skipet er fullt av miljøvennleg teknologi. Med plass til om lag 500 gjestar i svært komfortable lugarar og suitar, er skipet bygd spesielt med tanke på ekspedisjonar der naturen og opplevingar for gjestane står i fokus. Skipet kan gå på rein batterikraft, men hovudoppgåva til dei store batteripakkene er å få ned forbruket av drivstoff. På den måten blir utsleppa minst 20 prosent lågare enn andre cruiseskip av same størrelse

Kleven ser framover
I ordreboka til Kleven ligg det etter levering av MS Fridtjof Nansen to store ombyggingskontrakter. Vi bygger om eit trål/snurrevad-fartøy for NordnesGruppen, og ein lekter for Boa Barges AS. Begge skal bli levert i 2020. I tillegg jobbar vi med fleire moglege prosjekt. Det blir også jobba aktivt med å få nye eigarar av verftet på plass.

-Vi har vore gjennom ei heilt utruleg reise siste 1,5 åra. Vi har levert skip med meget høg teknisk kvalitet: Ankerhandterarar til Maersk, og no to ekspedisjonsskip til Hurtigruten. Samstundes har verftet gått gjennom ei krevjande periode med restrukturering, og vi har rigga verftet for sal. Det blir per i dag jobba aktivt med å få inn nye eigarar, og vi håper dette vil løyse seg allereie i løpet av januar, seier Ola Beinnes Fosse, finansdirektør i Kleven Verft.

Vi gratulerer Hurtigruten med nok eit fantastisk ekspedisjonsskip, og ynskjer hell og lykke for mannskap og passasjerar i komande ekspedisjonar med MS Fridtjof Nansen!

Last ned fleire bilde og video frå prøveturen til MS Fridtjof Nansen i denne linken: http://bit.ly/ms-fridtjofnansen

Emner

Regions


Kleven Verft i Ulsteinvik byggjer store, avanserte fartøy innan fleire segment. Verftet har effektive fasilitetar for tidleg utrustning og montering på bedding, og er det verftet i Noreg som har størst grad av eigen robotisert stålproduksjon og modulbasert skipsbygging. Kleven Verft er ISO-sertifisert innan miljø og kvalitet.

Pressekontakt

Kjetil Bollestad

Kjetil Bollestad

Administrerande direktør / CEO Green Yard Kleven +47 481 67 809

Lillian Haddal

Kommunikasjonsrådgjevar / Communications Advisor 90837798

Relatert materiale