Pressemelding -

Resultat for Kleven Verft 2018

Kleven Prosjekt 401 AS (Gamle Kleven Verft) har avlagt rekneskap for 2018. Omsetnaden var på to milliardar kroner, og driftsresultatet vart minus 338 millionar kroner. Av dette var 85 millionar kroner ekstraordinære nedskrivingar. Resultatet før skatt enda på minus 349 millionar kroner. 

Det negative resultatet er også spesielt påverka av finansielle utfordringar hos enkelte underleverandørar innan innreiing, samt ein forseinka levering av ekspedisjonsskipet MS Roald Amundsen til Hurtigruten.

Var førebudde på negativt resultat
-Resultatet er påverka av den omstillinga verftet har vore gjennom dei siste åra. Finansielt har vi vore førebudde på eit negativt resultat i 2018, og kunne på førehand ta dei grepa som var nødvendige for å sikre forsvarleg drift på verftet. Omstillingskostnaden er no tatt, og historiske tap er handtert og dekt inn, seier Ola Beinnes Fosse, finansdirektør ved Kleven Verft.

Grunnen til at 2018-rekneskapen blir levert fyrst no, skyldast arbeidet med restruktureringa av selskapsstrukturen. Utfallet av dette har hatt betydning for 2018-rekneskapet. Alle hendingar fram til no i 2019 har blitt inkludert i 2018-rekneskapet.

Nye Kleven Verft er oppretta
Nye Kleven Verft blei formelt stifta 1. november 2019, med ein balanse på 130 millionar kroner i gjeld som er knytt til verftet sine eigendelar og fasilitetar. Fram til det eventuelt er ein ny eigar på plass ved verftet, vil følgande personar sitte i styret: Ola Beinnes Fosse (Styreleiar), Henrik A. Christensen, Tom Einertsen, Olav Ingolf Nakken, Olav Haugland, Alf Johan Antonsen, Frank Hauge, Olav Arne Høydalsvik.

-No er vi klare til å ta Nye Kleven Verft vidare med ein styrka kompetansebase, i tillegg til dei nye kontraktane som er inngått, med avgrensa risiko for verftet. Dette i kombinasjon med ein vesentleg sunnare balanse, gjer at Nye Kleven Verft er godt posisjonert for framtida, fortel Fosse.

Fokus på ferdigstilling av prosjekt og sal av verft
I fyrste omgang er fokuset for verftet no å levere MS Fridtjof Nansen før årsskiftet, og samstundes levere dei andre prosjekta i ordreboka etter planen. Sal av verftet er ein pågåande prosess.

-Vi ser at verftet er attraktivt for både nasjonale og internasjonale aktørar. Dei ser verdien i den kompetansen vi har på verftet, i tillegg til at vi har fått ein ryddig og lett balanse etter restruktureringa, seier Fosse.

Kleven Prosjekt 401 AS vil vere eit 100% Hurtigruten-eigd selskap. Selskapet vil betene sine forpliktingar i samsvar med kontraktane som ligg der både for leverandørar og bankar.

Emner

  • Industri, produksjon

Regions

  • Møre og Romsdal

Kleven Verft i Ulsteinvik byggjer store, avanserte fartøy innan fleire segment. Verftet har effektive fasilitetar for tidleg utrustning og montering på bedding, og er det verftet i Noreg som har størst grad av eigen robotisert stålproduksjon og modulbasert skipsbygging. Kleven Verft er ISO-sertifisert innan miljø og kvalitet.

Kontakter

Hans Jørgen Fedog

Pressekontakt Konsernsjef i Green Yard Group +47 92 35 00 20