Pressemelding -

Starfish-serien for Maersk – ein suksess: Maersk Minder levert i dag

Den 95 meter lange kraftpluggen Maersk Minder vart levert frå Kleven Verft i dag. Bygg nr. 385 er det fjerde fartøyet i Starfish-serien på seks ankerhandteringsfartøy for Maersk Supply Services.

I ettermiddag vart fartøyet døypt ved kai på Kleven Verft under ein seremoni leia av konsernsjef Karsten Sævik. Gudmor var Anni Bak.

"Dette fartøyet er nummer fire i serien, og verftet har igjen demonstrert evna til å bygge svært avanserte og sofistikerte fartøy. Vi er veldig takksame for innsatsen til alle leverandørar og våre eigne tilsette samt støtta vi har motteke frå Maersk sitt team her på verftet. Vi er stolte av å ha slike hederlige oppdragsgjevarar på verftet vårt, seier konsernsjef i Kleven", Karsten Sævik.

"Å gjennomføre eit nybyggprosjekt av ein prototype er definitivt ikkje ei enkel oppgåve. Opent og ærleg samarbeid er heilt nødvendig, og det gledar meg å seie at samarbeidet mellom Kleven og Maersk Supply Service har vore framifrå. Ved å ha ein konstruktiv dialog rundt utfordringar som naturleg oppstår i eit slikt prosjekt, så føler eg vi har lagt kjølen for desse høgkvalitets fartøya," seier Chief Operating Officer i Maersk Supply Services, Claus Bachmann.

Bygd for ankerhandtering på store havdjup gjekk Maersk Minder sine tre søsterskip, Maersk Master, Maersk Mariner og Maersk Mover, rett i arbeid etter levering frå Kleven, og dei har prestert veldig bra. Desse fartøya utfører tenester som nedstenging av offshoreinstallasjonar (decommisioning), tauing og installasjon, i tillegg til forsynings- og ankerhandteringstenester.

"Nye høgkvalitets fartøy er alltid spennande, men det er først når vi står overfor kundane at vi verkeleg må vise kva vi er gode for. Fartøya må yte 100% frå dag ein, og skape meirverdi for kunden. Eg er glad for å kunne seie at alle dei tre tidlegare leverte fartøya i Starfish-serien har oppfylt alle forventningar og haustar gode tilbakemeldingar frå kundar, med skryt av gode fasilitetar og særs god drivstoffeffektivitet," seier Bachmann.

Også ein anna milepæl vart nådd i dag, med sjøsettinga av det sjette og siste fartøyet i serien, bygg nr. 387. Det femte av systerskipa er under ferdigstilling og skal leverast seinare i år.

Fartøya er designa av Salt Ship Design.



For meir informasjon, kontakt: ­­­­­­

Karsten Sævik, konserndirektør Kleven – mobil 900 18986

Emner

  • Industri, produksjon

Kategorier

  • kleven verft
  • maersk supply service
  • skipsdåp
  • levering
  • ahts
  • maersk minder

Regions

  • Møre og Romsdal

Om Kleven

Klevenkonsernet leverer store og teknologisk avanserte fartøy for norske og internasjonale kundar. Kleven har flytta ein større del av byggeprosessen heim til Noreg, og går med dette mot straumen i norsk skipsbygging. Konsernet har to verft: Kleven Verft AS i Ulsteinvik og Myklebust Verft AS i Gursken i Sande kommune.

Kontakter

Hans Jørgen Fedog

Pressekontakt Konsernsjef i Green Yard Group +47 92 35 00 20