Pressemelding -

​Tilsette tek over Kleven Maritime Technology AS (KMT)

Etter semje med bustyret og Kleven Verft sine finansieringsinstitusjonar inngjekk tilsette i KMT måndag 13.07.2020 avtale om å overta selskapet frå konkursbuet.

Alle aktiva i selskapet er løyste ut, og KMT vil drive vidare utan avbrot mot same marknad og med alle driftsmidlar og dokumentarkiv intakt.

- Selskapet vil halde fram med dei same dyktige tilsette og i den same marknaden som før. Målsettinga til KMT er å auke nedslagsfeltet til bedrifta, og etter kvart auke bemanninga, seier dagleg leiar i KMT,  Trond Liavaag.

KMT er eit veldrive selskap med god inntening og gode driftsresultat. Selskapet både har, og har hatt ei stor ekstern kundemasse i tillegg til Kleven Verft. At selskapet vart slege konkurs 03.06.20 har ikkje samanheng med drifta av selskapet, men har si årsak i at selskapet KMT inngjekk som del av pantesikkerheit til bankfinansieringa av Kleven Verft.

Selskapet leverer engineering tenester innanfor marin elektro- og automasjon. Mellom anna har KMT hatt fleire oppdrag for Hurtigruten i høve ombyggingsprosjekta deira – vidare også ein stor jobb på ein superyacht for den tyske verftsgruppa Lürssen. KMT held til i Ulsteinvik, og har per i dag seks tilsette. 

For meir informasjon, ta kontakt med: Trond Liavaag – dagleg leiar i KMT, tlf 97 05 80 62, e-post: trond.liavaag@kleven.no

Emner

  • Industri, produksjon

Regions

  • Møre og Romsdal

Kleven Verft i Ulsteinvik byggjer store, avanserte fartøy innan fleire segment. Verftet har effektive fasilitetar for tidleg utrustning og montering på bedding, og er det verftet i Noreg som har størst grad av eigen robotisert stålproduksjon og modulbasert skipsbygging. Kleven Verft er ISO-sertifisert innan miljø og kvalitet.

Kontakter

Hans Jørgen Fedog

Pressekontakt Konsernsjef i Green Yard Group +47 92 35 00 20