Gå videre til innhold
Fire aktørar innan kunst i offentlege rom inviterer til samtale om handlingsromma til den offentlege kunsten under Kulturytring Drammen 24. juni. Foto: Portrait of Lena. Lviv-Ivanofrankivsk (2017-2019) av Julie Poly. © Julie Poly / Mesén

Pressemelding -

Kunst i offentlege rom på Kulturytring Drammen 24. juni

Saman med Mesén, Oslo kommunes kunstsamling (OKK) og Kunstsentera i Noreg (KiN), inviterer KORO til ein samtale om kunstnariske og politiske handlings- og moglegheitsrom til den offentlege kunsten, med utgangspunkt i konkrete prosjekt og erfaringar.

Inviterte politikarar (Tage Pettersen, Kathy Lie, Julie Vaage) og kunstnarar (Åsne Kummenje Mellem og leiar i NBK Geir Egil Bergjord) deltek i ein panelsamtale under leiing av Jonas Ekeberg.

Kunst i offentlege rom – utfordringar og moglegheiter

  • Tysdag 24. juni
  • 12:15 – 13:45
  • Drammensbiblioteket | 2. etasje

Kvifor er det viktig med kunst i offentlege rom? Kva handlingsrom og moglegheiter oppstår i dei direkte møta mellom kunst og samfunn? Når kunsten og kunstnaren utfordrar og blir utfordra av mottakarar, publikum, eller styresmaktene, korleis handterer vi det?

Fire aktørar innan kunst i offentlege rom – ein privat, ein kommunal, ein regional og ein statleg – går saman og inviterer til ein samtale om dei kunstnariske og politiske handlingsromma til den offentlege kunsten.

Det var KORO som tok initiativ til samarbeidet om eit arrangement under Kulturytring Drammen.

– Vi er glade for å kunne samarbeide med andre aktørar innanfor same feltet, seier KORO-direktør Øystein Strand. – Offentleg kunst er kunst til fellesskapet – det er kunst alle har tilgang til, som skaper identitet og tilhøyrsle, engasjerer og skaper debatt. Kulturytring Drammen er ein viktig arena for saman å løfte politiske og kunstnariske spørsmål knytt til dette viktige feltet.

Mesén, Oslo kommunes kunstsamling (OKK), Kunstsentra i Noreg (KiN) og Kunst i offentlege rom (KORO) har til felles at alle produserer kunst i offentlege rom. Alle fire samarbeider med kunstnarar, mottakarar og styresmakter for å skape kunst der folk bur, jobbar og beveger seg. Med ulike oppdragsgivarar, finansieringskjelder og mandat, møter verksemdene likevel ulike problemstillingar knytt til handlings- og ytringsrommet til kunsten.

Programmet består av to delar. Først vil Mesén, OKK, KiN og KORO diskutere utfordingar og moglegheiter for kunst i offentlege rom, med utgangspunkt i konkrete prosjekt og erfaringar. Deretter blir det panelsamtale med inviterte politikarar og kunstnarar, under leiing av Jonas Ekeberg frå Kulturdirektoratet.

Arrangementet er gratis og opent for alle – også utan festivalpass.

Program:

Kunst i offentlege rom no. Presentasjonar frå kvar enkelt aktør

  • Velkommen v/ Øystein Strand, direktør i KORO
  • Mesén v/ Tina Skedsmo: Om Julie Polys kunstprosjekt Ukrzaliznytsia som opnar 25.6 på Oslo S. Utstillinga viser fotografi av livet blant reisande på den ukrainske jernbanen, både før og etter den russiske fullskala invasjonen av Ukraina i 2022. Fotografia tematiserer krig og motstandskraft, og inviterer til dialog på tvers av grenser, gjennom historiene som reiser med oss.
  • Kunstsentera i Noreg (KiN) v/ Merete Hovdenak og Ingrid Blekastad: Kunstprosjektet Odelsgut og fantefølge (2019) i Kvam i Gudbrandsdalen var omstridd blant både innbyggjarar og politikarar i bygda, og fekk brei mediedekking, lokalt og nasjonalt. Men kvifor snudde folkeopinionen undervegs og kva har skjedd sidan?
  • Oslo kommunes kunstsamling v/ Martin Berner Mathiesen: Axel Revolds freske Geografien (1927) på Hersleb skule blei i 2022 kritisert for å ha rasistiske og kolonialistiske motiv. Debatten reiste viktige spørsmål, og innlegget ser på korleis forståinga, konteksten og kritikken rundt verket har endra seg 100 år etter det blei laga.
  • KORO v/ Nora C. Nerdrum: Kunsten i det nye regjeringskvartalet er det største kunstprosjektet i noregshistoria. Samlinga vil innehalde nokre av dei mest kjende verka frå norsk utsmykkingshistorie, så vel som ei rekkje nyproduserte verk. Innlegget diskuterer trua på den kritiske krafta til kunsten til ulike tider og kunsten si evne til å verke inn på staden, publikummet og den offentlege samtalen.

Panelsamtale: Utfordringar og moglegheiter for den offentlege kunsten

Politikarar, kunstnarar og arrangørar om kunst i offentlege rom.

  • Tage Pettersen (Høgre, Familie- og kulturkomiteen Stortinget)
  • Kathy Lie (SV, Familie- og kulturkomiteen Stortinget)
  • Anders Wengen (2. kandidat for Venstre i Buskerud)
  • Åsne Kummenje Mellem (kunstnar)
  • Geir Egil Bergjord (styreleiar NBK)
  • Ingrid Blekastad (direktør Kunstbanken senter for samtidskunst)
  • Nora Ceciliedatter Nerdrum (sjefskurator og leiar for kunstseksjonen i KORO)

Samtalen blir leidd av Jonas Ekeberg, fagansvarleg for visuell kunst i Kulturdirektoratet.

Les meir om arrangementet og om kvar enkelt aktør sine presentasjonar på koro.no.

Related links

Emner


KORO produserer, forvalter og formidler kunst i offentlige bygg og på andre offentlige arenaer. Samlingen av kunstverk er tilgjengelig for publikum på om lag tusen steder i Norge og internasjonalt.

Kontakter

  • Portrait of Lena. Lviv-Ivanofrankivsk (2017-2019) av Julie Poly. © Julie Poly_ Ukrzaliznytsia project 2017-2019.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    2000 x 1500, 1.36 MB
    Last ned
  • Jumana Mannas 800 kvm store verk Substitue legges i det nye regjeringskvartalet i Oslo. Foto Pål Weiby Statsbygg.JPG
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Statsbygg / KORO
    Størrelse:
    4032 x 3024, 4.62 MB
    Last ned
  • Axel Revold_Geografien_ 1927_ Hersleb skole. Foto Jiri Havran for OKK.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Oslo kommunes kunstsamling
    Størrelse:
    3000 x 2001, 2.96 MB
    Last ned
  • Statsbygg konferanse om RKV 2005_Nora Nerdrum_ foto Hans Fredrik Asbjørnsen Statsbygg.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Statsbygg
    Størrelse:
    6000 x 3375, 11.8 MB
    Last ned
  • Stillsbilde_Odelsgut-og-Fantefolge_FotoBarboraHollan.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Barbora Hollan / KORO
    Størrelse:
    1024 x 554, 126 KB
    Last ned
  • Øystein Strand_KORO_photo Niklas Hart-9.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    KORO
    Størrelse:
    4000 x 2667, 5.16 MB
    Last ned