Gå videre til innhold
Tirsdag 25. februar opnar det nye automatlageret og lydlaboratoriet til Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana med kunstverket Fanden på bordstabelen av Sverre Gullesen på fasaden. Foto: Dan Mariner
Tirsdag 25. februar opnar det nye automatlageret og lydlaboratoriet til Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana med kunstverket Fanden på bordstabelen av Sverre Gullesen på fasaden. Foto: Dan Mariner

Pressemelding -

Kunstverket Fanden på bordstabelen pregar fasaden til det nye bygget til Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana

Sverre Gullesen, som er fødd og delvis oppvaksen i Mo i Rana, har nyleg laga eit omfattande fasadeverk i teglstein til det nye automatlageret og lydlaboratoriet til Nasjonalbiblioteket.

Bygget blir opna av kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery tirsdag 25. februar 2025 kl.11.00.

Verket til Gullesen har fått tittelen Fanden på bordstabelen.

- Tittelen er henta frå eit av dei tidlegaste voksrullopptaka av norsk folkemusikk, gjort av Narve Skarpmoen rundt 1903/04. Opptaket er av hardingfelespelaren Thorstein Odden, og ein kan også høyre lydar og oppmuntring frå Skarpmoen i bakgrunnen, fortel Gullesen i eit intervju på koro.no.

KOROs direktør Øystein Strand vil vere til stades på opninga.

- Sidan eg sjølv har bakgrunn som musikar, synest eg det er spesielt interessant når eit verk har ein slik tydeleg musikkreferanse, seier Strand, som gledar seg til å sjå verket til Gullesen.

Arkivmateriale i ny form

Gullesen har henta element frå arkivmaterialet i Nasjonalbiblioteket, og gjort det tilgjengeleg for publikum i ei ny form. Verket peikar på hardingfelemusikken og den sentrale rolla den norske folkemusikken hadde i historia, kulturen og sjølvforståinga til nasjonen vår kort tid før oppløysinga av unionen med Sverige.

- Eg har visualisert lydbølgene frå opptaket og latt dei slynge seg rundt tre av fasadeveggane på det nye lydlaboratoriet i Mo i Rana. Slik peikar verket på historia vår og på kva som skjer inne i nybygget. Det er her slike gamle format blir digitaliserte slik at ein kan ta vare på og formidle dei til framtidige generasjonar.

Inspirert av Tandberg og Viksjø

Gullesen har óg lage eit kunstverk i betong og jernslagg som henger inne. Verket heiter Uten tittel (vegg/gulv # 3), og er inspirert av skulpturane til Odd Tandberg og arkitekturen til Erling Viksjø.

- Materiala i verket er forbundne med industri og noko varig, så eg prøver å mjuke opp dei rigide arkitektoniske formene og gi uttrykket ein meir sårbar dimensjon, sier Gullesen. Når eg støyper dei i tekstilforskaling, kan flatene opplevast som både skjøre og poetiske.

Related links

Emner

Regions


KORO produserer, forvalter og formidler kunst i offentlige bygg og på andre offentlige arenaer. Samlingen av kunstverk er tilgjengelig for publikum på om lag tusen steder i Norge og internasjonalt.

Kontakter

  • Fanden på bordstabelen av Sverre Gullesen
    Fanden på bordstabelen av Sverre Gullesen
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    7690 x 5767, 30.6 MB
    Last ned
  • Uten tittel (vegg/gulv # 3) av Sverre Gullesen (detalj)
    Uten tittel (vegg/gulv # 3) av Sverre Gullesen (detalj)
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1920 x 1280, 750 KB
    Last ned
  • Uten tittel (vegg/gulv # 3) av Sverre Gullesen
    Uten tittel (vegg/gulv # 3) av Sverre Gullesen
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1280 x 1920, 395 KB
    Last ned
  • Fanden på bordstabelen av Sverre Gullesen (detalj)
    Fanden på bordstabelen av Sverre Gullesen (detalj)
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    6192 x 8256, 38.1 MB
    Last ned
  • Fanden på bordstabelen av Sverre Gullesen
    Fanden på bordstabelen av Sverre Gullesen
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    8207 x 6155, 27 MB
    Last ned
  • Gullesen prøver ut ulike glasurar på Wienerberger si teglsteinsfabrikk i Sveits
    Gullesen prøver ut ulike glasurar på Wienerberger si teglsteinsfabrikk i Sveits
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    3745 x 5618, 10.9 MB
    Last ned
  • Gullesen prøver ut ulike glasurar på Wienerberger si teglsteinsfabrikk i Sveits
    Gullesen prøver ut ulike glasurar på Wienerberger si teglsteinsfabrikk i Sveits
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    6192 x 4128, 12.3 MB
    Last ned