Gå videre til innhold
Sensasjonelt tilskot til samlinga i Nasjonalmuseet

Pressemelding -

Sensasjonelt tilskot til samlinga i Nasjonalmuseet

– For første gong blir eit måleri av Ernst Ludwig Kirchner og Erich Heckel å sjå i ei offentleg samling i Noreg. Det er ein sensasjon, seier Nils Ohlsen, avdelingsdirektør for eldre og moderne kunst i Nasjonalmuseet.

Den permanente utstillinga i Nasjonalgalleriet er utvida med to nye måleri: Erich Heckels Geigerin / Jente som spelar fiolin, 1912, olje på lerret, og E. L. Kirchners Der Krankenwärter / Sjukepleiar, 1917–18, olje på lerret. Dette er dei første måleria av desse to sentrale ekspresjonistane i ei offentleg norsk samling.

Bileta viser sentrale motiv frå verka til dei to kunstnarane. Måleriet til Heckel framstiller to musiserande jenter i sterkt abstrahert form, medan måleriet til Kirchner viser ein sjukepleiar på klinikken der han vart behandla etter eit fysisk og psykisk samanbrot som artillerisoldat i første verdskrig. Motivet minner om heilfigurportretta til Munch, og vi kan trekkje parallellar også biografisk: begge kunstnarane var innlagde på sanatorium grunna fysisk og psykisk samanbrot og begge fann seinare ein fristad fjernt frå storbyen – Munch ved Oslofjorden og Kirchner i dei sveitsiske alpane.

 Kirchner og Heckel var to sentrale medlemmar i kunstnargruppa «Die Brücke», som vart danna i 1905 og markerte startskotet for den tyske ekspresjonismen. Edvard Munch er saman med van Gogh, Gauguin og Cézanne ein viktig farsfigur for den tyske ekspresjonismen.

Dei to verka er dei hittil siste av i alt seks eksklusive innkjøp som Sparebankstiftinga har gitt i langtidsdepositum til Nasjonalmuseet. Sparebankstiftinga DnB NOR har sidan 2010 samarbeidd med avdelinga for eldre og moderne kunst om å byggje opp ei samling av tyske ekspresjonistar og i snitt gjeve to bilete kvart år.

For meir informasjon, kontakt avdelingsdirektør eldre og moderne kunst Nils Ohlsen tlf. 404 36 363 eller Anders Bjørnsen, Sparebankstiftelsen, ansvarlig for Kunstsamlinga og Dextra Musica tlf. 901 40 861.

 Du kan laste ned høgoppløyselege bilde av verka nedanfor.

Related links

Emner

Kategorier


Nasjonalmuseet - Vi bygger en ny fremtid for kunsten!

Kontakter

Ole-Morten Fadnes

Ole-Morten Fadnes

Pressekontakt Konstituert kommunikasjonsdirektør +47 932 56 211
Simen Joachim Helsvig

Simen Joachim Helsvig

Pressekontakt Kommunikasjonsrådgiver +47 917 64 327
Alv Hågård Gustavsen

Alv Hågård Gustavsen

Pressekontakt Kommunikasjonsrådgiver +47 916 76 358
Mari Grinde Arntzen

Mari Grinde Arntzen

Pressekontakt Kommunikasjonsrådgiver +47 924 04 969
Birgitte Lie

Birgitte Lie

Pressekontakt Kommunikasjonsrådgiver +47 480 06 189
Rannveig Falkenberg-Arell

Rannveig Falkenberg-Arell

Pressekontakt Kommunikasjonsrådgiver +47 414 79 544

Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design

Nasjonalmuseet er Nordens største kunstmuseum. Nasjonalmuseet har ansvaret for å utvikle, forvalte, forske på, tilgjengeliggjøre og formidle Norges største samling av kunst, arkitektur og design.

Nasjonalmuseet
Pb. 7014 St. Olavs plass
N-0130 St. Olavs plass
Besøk våre andre nyhetsrom