Gå videre til innhold
Haukås Musikklag i NM brass 2016. I år spelar dei også i 2. divisjon og skal på scena fredag. Foto: John Vint/NMF.
Haukås Musikklag i NM brass 2016. I år spelar dei også i 2. divisjon og skal på scena fredag. Foto: John Vint/NMF.

Pressemelding -

40 år med NM brass i Grieghallen

Landets beste brassband møtest til dyst fredag 8. og laurdag 9. februar 2019. I år er det 40 år sidan NM brass starta. Den gong deltok ti korps. Alle seks divisjonane blir streama direkte. I elitedivisjon og i 1. divisjon er det ekspertar med i studio. 

I år er 76 korps påmeldt frå heile landet. Hordaland er sterkast representert, med heile 28 korps. 

Konkurransen startar allereie fredag kl.0830 i Griegsalen og ein halvtime etter er fyrste korps klar i Peer Gynt-sal. Elitedivisjon spelar pliktnummer «Concerto Grosso» av komponist Derek Bourgeois fredag og sjølvvalt laurdag.

Heile konkurransen blir streama. Ekspertkommentatorar i år er Irene Anda i elitedivisjonen og Harald Eikaas i 1. divisjon.

I foajeen er utstillarane på plass frå tidleg fredag morgon.

Grieghallen og NM brass er ein viktig møteplass for musikarar med felles musikk-interesse. Det blir feststemning i Grieghallen laurdag kveld når Eikanger-Bjørsvik Musikklag underheld på festkonserten etterfølgd av premieutdeling og Brass Night. Premieutdelinga går direkte på Facebook Live på Norges Musikkorps Forbund si offisielle Facebookside.

Last ned appen Program.no. Her finn du program, spelerekkefølge, dommarar, repertoar og resultat.

Vil du følgje med direkte er adressa: Livestream.com/nmf

Følg #NMbrass og @nmfkorps på sosiale medier denne helga, både på Facebook, Twitter, Instagram og Snap. 

Fakta:
* NM brass blir arrangert i Grieghallen kvart år, og er eit av Bergens største kulturarrangement
* 76 korps og 3000 musikantar deltek 8. - 9. februar 2019
* Årets konkurranse blir sendt direkte på www.livestream.com/nmf
* www.musikkorps.no

Related links

Emner

Kategorier

Kontakter

Håkon Mogstad

Håkon Mogstad

Strategisk rådgiver 480 38 185

Fellesskap – Trygghet – Mestring – Utvikling

Norges Musikkorps Forbund er landets største frivillige kulturorganisasjon og organiserer nærmere 60 000 medlemmer fordelt på over 1600 korps. To av tre korps er skolekorps og vi er representert i hele landet. HM Kronprins Haakon er organisasjonens høye beskytter.

Norges Musikkorps Forbund
Postboks 674 Sentrum
5807 Bergen
Norway