Gå videre til innhold
Foto: Spjelkavik Drillkorps.
Foto: Spjelkavik Drillkorps.

Pressemelding -

Drill Grand Prix i Ålesund

180 drillarar kjem til Ålesund for å delta på Drill Grand Prix 15. - 17. februar 2019. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom korpsdrill i Norges Musikkorps Forbund (NMF) og sportsdrill i Norges Danseforbund.

Teknisk arrangør i helga er Spjelkavik Drillklubb. Deltakarane kjem frå 19 drillkorps/drillklubbar frå Arendal til Trøndelag. Dette er av dei beste utøvarane i landet. Her blir dei tatt ut til landslaget for å representere Norge under Drill Grand Prix 8. – 11. august i Frankrike.

Drill Grand Prix er den siste avgjerande uttakskonkurransen før meisterskapen i Frankrike.

Meisterskapen i Frankrike til hausten er ein felles internasjonal konkurranse mellom WFNBTA, (World Federation of National Baton Twirling Association) og WBTF, (World Baton Twirling Federation) som det felles forbundet IBTF, (International Baton Twirling Federation) arrangerer.

Det er ulikt reglement for nasjonal deltaking og internasjonal deltaking. Aldersfordelinga blir organisert i etterkant av uttaket. 

Related links

Emner

Kontakter