Gå videre til innhold
VinterPULSE. Foto: Borghild Ness/NMF

Pressemelding -

Fullbooka VinterPULSE i Bergen

VinterPULSE 2019 i Bergen er fullbooka. Heile 91 born er påmelde og fleire born står på venteliste. 8 unge praktikantar stiller ferieveka si til disposisjon, utvekslingsdeltakarar i PULSE-prosjektet frå Sør-Afrika er med..

Dette er eit vinterferieseminar i regi av NMF og er ein del av NMF si inkluderingsatsing og rettar seg mot born og unge som ikkje har andre alternativ i ferien. Det er eit lavterskeltilbod for born, med og utan korpsbakgrunn, der det ikkje kostar noko å vere med.

Deltakarane er blant anna rekruttert via samarbeidsorganisasjonar som Redd Barna (en god nabo), skular, vaksenopplæringa og Roobin Hood Huset.

Dette er eit populært tiltak der born får jobbe saman med sørafrikanske og norske musikklærarar ei heil veke. Det blir musikk, dans og nye venner som lagar ei felles show-førestilling med eit sør-afrikansk tilsnitt.

Fredag 1.mars vil resultatet bli vist fram på konsert i gymsalen på St.Paul skole i sentrum.

Prosjektet er støtta av Norsk senter for utvekslingssamarbeid; Norec, Bufdir, Norsk musikkråd og Kavlifondet.

Hjarteleg velkommen til å dekke arrangementet. 

Related links

Emner


Norges Musikkorps Forbund skal gjøre musikkorps til en attraktiv fritidsinteresse for alle barn, unge og voksne.

Kontakter