Pressemelding -
Populært VinterPULSE 2019
VinterPULSE 2019 på Sagene Festivitetshus i Oslo er svært populært. Heile 67 born er påmeldt. I tillegg stiller 7 praktikantar, utvekslingsdeltakarar i PULSE-prosjektet frå Sør-Afrika og ressursar frå Norges Musikkorps Forbund.
I vinterferiefeka får born jobbe saman med sørafrikanske og norske musikklærarar ei heil veke. Det blir musikk, dans og nye venner som lagar ei felles show-forestilling. Dette er eit lavterskeltilbod for born, med og utan korpsbakgrunn, eit inkluderingstiltak som ikkje kostar noko å vere med på.
Fredag 22. februar vil resultatet bli vist fram på konsert med kafé på førehand.
Prosjektet er støtta av Norsk senter for utvekslingssamarbeid; Norec, Bufdir, Norsk musikkråd og Kavlifondet.
Velkommen til å dekke eit spennande arrangement!