Pressemelding -
Løyve til bygging av Femtevasselva kraftverk
NVE har gjeve Nord-Norsk Småkraft AS løyve til å byggje Femtevasselva kraftverk i Hamarøy kommune i Nordland. Kraftverket vil gje ein årleg produksjon på om lag 7,2 GWh, noko som svarar til den årlege straumbruken til rundt 360 husstandar.
Utbygginga vil utnytte ei fallhøgd på 70 m og endre naturleg vassføring på ei rundt 850 m lang elvestrekning. Vatnet skal førast i nedgravne røyr mellom inntak og kraftstasjon. Dei verdifulle naturtypane gråor-heggeskog og gamal lauvskog er registrert i området. Elva har moglegvis også ei svak utforming av naturtypa bekkekløft. Vidare er den raudlista arten fossenever (VU) registrert ved elva.
Utbygginga vil medføre nokre negative verknader for reindrift, miljø-, landskaps- og friluftsverdiar. NVE meiner imidlertid at med tilstrekkjeleg minstevassføring heile året, og god planlegging og oppfølging av anlegget i byggetida, vil skadeverknadane for desse interessene vere akseptable.
NVE vurderar fordelane av tiltaket i høve til dei ålmenne interessene er større enn skadane og ulempene, og gjev difor løyve til Femtevasselva kraftverk på fastsette vilkår.
Les meir om Femtevasselva kraftverk
Kontaktpersonar
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89, mobil 901 98 216
Avdelingsingeniør Vegard Hotvedt Strømsvåg, tlf. 22 95 94 85
Emner
- Klimaspørsmål
Regions
- Nordland