Pressemelding -
Løyve til Misfjord småkraftverk
NVE gjev løyve til å byggje Misfjord småkraftverk i Misfjordelva i Vestnes kommune, Møre og Romsdal. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på omlag 3,7 GWh, noko som tilsvarar forbruket til rundt 185 husstandar.
Utbygginga vil utnytte ei fallhøgd på 255 meter frå kote 275 ved Misfjordsætra, og endre naturleg vassføring på ei omlag 1400 meter lang elvestrekning som ligg i skogs- og beitemark.
Av omsyn til naturmiljøet er det i løyvet mellom anna sett som vilkår at det vert sleppt ei tilsigsavhengig minstevassføring på 25 liter i sekundet heile året. Det skal installerast omløpsventil i kraftverket for å unngå tørrlegging av sjøaurestrekninga nedstraums kraftverket. Prosjektet medfører få permanente inngrep utover fråføringa av vatn i Misfjordelva.
NVE vurderer utbygginga saman med avbøtande tiltak som akseptabel i høve til allmenne interesser.
Les meir om løyvet til Misfjord småkraftverk på www.nve.no
For nærmare informasjon kontakt:
Fungerande seksjonssjef Lars Midttun, tlf. 22 95 91 77
Senioringeniør Magne G. Verlo, tlf. 57 83 36 70 / 950 80 350
Emner
- Klimaspørsmål