Nyhet -
Slik speler regimet i Iran på kjensler for å slå ned protestar
Kjenslemanipulasjon spelte ei stor rolle då det iranske regimet slo ned på protestrørsla Kvinne, liv, fridom i Iran etter at 22 år gamle Jina (Mahsa) Amini vart drepen etter arrestasjonen i 2022.
I artikkelen “Emotions in the legitimation of repression: state framing during the 2022 Woman-Life-Freedom movement in Iran” har Banafsheh Ranji (NTNU) og Kjetil Selvik (tidl. NUPI) undersøkt korleis dette såg ut i dei mest regimelojale iranske media.
Martyrforteljingar som velkjend taktikk
– Eit sentralt emosjonelt grep var bruken av martyrforteljingar, ein velkjend taktikk i Den islamske republikken, forklarer Ranji.
Til dømes kan slike martyrforteljingar sjåast i dei regimelojale media som forskarane har undersøkt i form av portretteringar av regimelojale unge menn som blir framstilte som at dei har vorte drepne i valdelege samanstøytar med demonstrantar og opposisjonelle. Desse blir framstilte som symbol på motstand, offer, moralsk integritet og mot – og som martyrar – sjølv om omstenda rundt dødsfalla har vore uklare.
– Tidlegare var martyrdom ofte knytt til militære aktørar, særleg i krig. Men under dei nylege protestane tilpassa regimet denne taktikken til ein innanrikspolitisk protestkontekst. Dei framheva regimelojale offer – særleg blant den paramilitære Basij-militsen – som «vanlege borgarar» og «uskuldige offer», og omtalte dei som martyrar for offentleg orden snarare enn for krig, seier Ranji.
Ved å gjere dette rettferdiggjorde staten undertrykking ikkje berre som eit nødvendig tiltak for å gjenopprette orden, men også som eit bidrag til rettferd for falne regimetro. Ifølgje artikkelen bidrog dette til å styrkje evna staten hadde til å samle støttespelarane og tryggingsstyrkane sine bak måla sine, samtidig som det la til rette for at undertrykkinga av opposisjonen kunne halde fram.
Demonstrantar vart samanlikna med IS
– Politiske narrativ byggjer på gjenkjennelege element – kjende karakterar, sekvensar og symbol – for å framkalle kjenslereaksjonar som resonnerer hos målgruppa, forklarer Ranji.
Ho trekkjer spesielt fram fire slike element regimet i Iran har brukt for å få til dette:
- Demonisering av demonstrantar som fiendar av nasjonen, Iran og islam.
- Å knyte årsaka til protestane til «fiendanes» dagsorden.
- Framstilling av demonstrantars straff, spesielt som avrettingar, som etterspurt og som eit heilt nødvendig tiltak for å gjenopprette orden.
- Ideen om martyrdom.
Under krigen mellom Israel og Iran, la staten stor vekt på nasjonalisme og eining, og brukte også martyrdom som symbol.
– Under Kvinne, liv, fridom-protestane vart dei same strategiane også tekne i bruk, i tillegg til martyrforteljingane. Demonstrantane vart demoniserte og framstilte som agentar for ein utanlandsk dagsorden, skulda for å true Irans nasjonale tryggleik og tene andre makters interesser. Staten framstilte protestane som del av ein større plan orkestrert av Irans fiendar, med mål om å destabilisere landet og undergrave dets tryggleik, suverenitet og eining. I tillegg vart narrativa intensiverte, til dømes ved at demonstrantane vart kalla «terroristar» eller samanlikna med Daesh (IS) – ikkje berre for å delegitimere dei, men for å avhumanisere dei.
Nettverk av elitar, medieorganisasjonar og mektige institusjonar
– Det er ikkje slik at medieinnhaldet i Iran blir produsert eller bestilt av éin enkeltperson som trekkjer i alle trådane, slik det ofte blir anteke, forklarer Ranji.
Sjølv om øvste leiar Ali Khamenei er den høgaste autoriteten, stammar altså ikkje manipulasjonen som blir beskriven i den nye forskingsartikkelen nødvendigvis direkte frå han.
– Eit nettverk av politiske elitar, lojale aktørar, medieorganisasjonar og mektige institusjonar, som Revolusjonsgarden, samarbeider for å forme opinionen, seier forskaren.
Byggjer vidare på arven etter Kjetil Selvik
Ranji har skrive forskingsartikkelen saman med Kjetil Selvik, som var forskar 1 ved NUPI.
– Det var han som tok initiativ til temaet for denne studien. Som alltid kom han til meg med eit nysgjerrig spørsmål. Ein dag spurde han: «Eg lurer på om regimet bruker dei same emosjonelle elementa som den iranske opposisjonen bruker i protestane sine mot staten?». Han stilte spørsmålet med ein outsiders nysgjerrigheit, men også ein insiders kjennskap. Vi byrja å utveksle idear, og den samtalen vart startpunktet for denne artikkelen, fortel Ranji.
Dessverre gjekk Kjetil Selvik bort i 2024, men han arbeidde med forskinga heilt til førsteukastet til hans og Ranjis artikkel var ferdig.
– Vi jobba med førsteutkastet til artikkelen medan han var innlagd på sjukehus sommaren 2024. Trass i sjukdommen var han full av liv og motivasjon til å skrive. Hans faglege arbeid og kollegialitet var heilt unikt, og vi har vore heldige som har kunna byggje vidare på arven han etterlét seg.