Gå videre til innhold
Opplev Veko-stemninga i Flåm, måndag 28. juni. Foto: Einar Såkvitne.
Opplev Veko-stemninga i Flåm, måndag 28. juni. Foto: Einar Såkvitne.

Nyhet -

Ekstremsportveko + Flåm = sant

Måndag 28. juni kjem Ekstremsportveko til Flåm. Det vert herleg stemning om bord på Future of The Fjords, der gjestane får orkesterplass til ekstremsportutøvarar som utfordrar elementa i og over fjorden.

Ekstremsportveko er kjent for si gode stemning, og du kjem til å merka den frå du går om bord i den stillegåande, elektriske båten på føremiddagen til du ser høgdepunkta frå dagen i Dagens Video om kvelden. 

Veko-vibe på fjorden

Frå båten vil du sjå fargerike fallskjermar og speedflygarar dala ned mellom dei bratte fjella og tøffe “dødsarar” hoppe i fjorden, alt akkompagnert av musikk frå DJ Boge. Det er sjølvsagt mogleg å kjøpa mat og drikke om bord.

Kanskje freistar det med med eit avkjølande bad i fjorden også? To skyttelbåtar vil vera tilgjengeleg for å frakta publikum frå båten til stranda på Odnes mellom kl. 13.30 og 16.00. 

Etter dagen på Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden vert det grilling i hagen til Fretheim Hotel og utpå kvelden kan ein sjå Dagens Video frå Ekstremsportveko inne i det nye konferansesenteret. 

Dagens program:

  • Kl. 11.30: Om bordstigning i Flåm
  • Kl. 12.00: Avreise frå Flåm
  • Kl. 12.30: “Dødsing” i Aurlandsfjorden
  • Kl. 13.30: Ankomst til Odnes i Nærøyfjorden, der båten blir liggjande. Landingsplass for fallskjermhopparar og speedflygarar
  • Kl. 13.30 - 16.00: Moglegheit for å gå i land på Odnes
  • Kl. 16.30: Avreise frå Odnes
  • Kl. 18.00: Ankomst til Flåm og grilling i hagen til Fretheim Hotel
  • Kl. 18.00: Innhopp fallskjerm på stranda i Flåm
  • Kl. 20.30 - 22.00: Streaming av premieutdeling og Dagens Video på Fretheim Hotel

DJ Boge spelar på båten gjennom dagen og det vert moglegheit for å kjøpe mat og drikke om bord. 

Related links

Emner

Kategorier

Kontakter

  • Ekstremsportutøvarane utfordrar elementa i verdsarven.
    Ekstremsportutøvarane utfordrar elementa i verdsarven.
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1600 x 1182, 1.18 MB
    Last ned
  • Speedflygarar over Aurlandsfjorden
    Speedflygarar over Aurlandsfjorden
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    3332 x 4443, 9.87 MB
    Last ned
  • Frå Future of The Fjords har ein orkesterplass til det som skjer.
    Frå Future of The Fjords har ein orkesterplass til det som skjer.
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    8256 x 5504, 37.9 MB
    Last ned