Gå videre til innhold

Kategorier: norway's best as

  • Bent Cato Danielsen er tilsett som ny COO i Norway's best AS

    Ny Driftsdirektør (COO) i Norway’s best AS

    Bent Cato Danielsen (54) er tilsett som ny Driftsdirektør (COO) i Norway’s best AS. Han jobbar i dag som konsulent for DNT. Danielsen har 15 års erfaring som operativ leiar for hotelldrift og resort drift, hovudsakleg frå England.

  • Solrun Hjelleflat gjev seg etter 10 år som leiar for Aurland Ressursutvikling og Norway's best AS.

    Solrun Hjelleflat sluttar som toppsjef i Norway's best

    Solrun Hjelleflat har beslutta å fråtre stillinga si som Administrerande direktør/CEO i Aurland Ressursutvikling AS / Norway’s best AS. Hjelleflat har leia selskapet sidan hausten 2011, og har styrt selskapet gjennom ei formidabel utvikling. I hennar tid er Flåm bygd opp som eit fyrtårn i norsk reiseliv og selskapet er blitt ein profesjonell reiselivsaktør i nasjonal samanheng.

  • Laksen Bakeri & Kafé ligg sentralt plassert i Nasjonalt Villakssenter ved elva i Lærdal.

    Norway’s best AS opnar bakeri i Lærdal

    Norway's best AS opnar i dag, fredag 9. juli, Laksen Bakeri & Kafé i Lærdal sentrum. Med sentral plassering i nyrenoverte lokale i Nasjonalt Villakssenter, tilbyr bakeriet eit stort utval bakevarer og steinomnsbakt pizza. I tillegg til take away, er det lagt til rette for å kunna nyta maten både inne og ute. Saman med bakeriet, husar lokala også lakseobservatorium og Sogn Kunstsenter.

  • Opplev Veko-stemninga i Flåm, måndag 28. juni. Foto: Einar Såkvitne.

    Ekstremsportveko + Flåm = sant

    Endeleg kan ein få oppleva den berømte Ekstremsportveko-stemninga i Flåm! Måndag 28. juni vert ein dag fullspekka med opplevingar på Aurlandsfjorden, Nærøyfjorden og i hagen til Fretheim Hotel. Det vert dødsing, luftsport, DJ, grilling og nettopp - herleg stemning.

  • Lørdag 19. juli starter Fjord Cruise Narvik i rute mellom Narvik og Rombaksbotn

    Norway’s best AS lanserer nytt fjordcruise i Narvik

    Lørdag 19. juni starter Norway’s best AS opp Fjord Cruise Narvik, en ny båtrute med daglige avganger mellom Narvik og Rombaksbotn i sommer. Ruten vil opereres av fartøyet Fjord Lady, og i tillegg til utsikt til flott natur vil den gi et godt innblikk i områdets spennende historie. Gjester kan også kombinere fjordcruiset med en togtur med Arctic Train og vandring på den historiske Rallarveien.

  • Fretheim Hotel opna dørene 19. april, etter å ha vore stengt sidan november.

    Gjenopninga av Flåm er i gang

    Verksemdene i Flåm opnar att etter at det meste har vore stengt gjennom vintersesongen 2020/21, og planlegg for ein sommarsesong lik i fjor. Fretheim Hotel opna dørene måndag 19. april og gler seg over å kunne ynskje gjestar til både kjekke arrangement og det nye kurs og konferansesenteret som opnar i mai. 1. mai vert sesongopninga sparka i gang med aktivitetsdag for heile familien i Flåm.