Gå videre til innhold
Nærøyfjorden. Foto: Visit Flåm / Sverre Hjørnevik
Nærøyfjorden. Foto: Visit Flåm / Sverre Hjørnevik

Pressemelding -

Aurland Ressursutvikling med rekordresultat i 2017

Satsinga på turisme har gjeve nok eit framifrå resultat for Aurland Ressursutvikling. I 2017 hadde verksemda vekst i alle periodar av året, og rekordresultat med omsetnad på 211,8 millionar kroner, noko som er 41,3 millionar kroner meir enn i heile 2016. Driftsresultatet (EBITDA) auka med 44 prosenttil 80,6 millionar kroner.

- Den gledelege utviklinga har to årsaker. Det er fleire gjester, og høgre omsetnad per gjest enn tidlegare år, seier Solrun Hjelleflat, konsernsjef i Aurland Ressursutvikling.

I 2017 vart det registrert sal til gjestar frå heile 110 land. Veksten kjem både i form av auka tilbod, førehandssal, effektiv logistikk, prisdifferensiering og meirsal i alle kanalar. Konsernet sin langsiktige innsats på marknadsføring, og satsing på vinter, gjev effekt for Flåm AS og dei felleskontrollerte verksemdene The Fjords DA og Flåm Utvikling AS (Flåmsbana). Kjerneoperasjonar som Fretheim hotell, Flåmsbana og Fjordaktivitetane inklusiv Geiranger og Lysefjorden, syner fin vekst.

Vekst heile året

Konsernet har vore tydeleg på å utvikle heilårsturisme. Det er godt å sjå at både skuldersesongen (før og etter sumaren), og vintersesongen, har god vekst, og bidreg til det gode årsresultatet. Fokus på marknadsføring, sal og produktutvikling i desse periodane bidreg til å auke interessa også utanfor hovudsesongen. Alle aktivitetar i konsernet syner vekst i omsetnad for tredje tertial 2017 mot 2016.

- Responsen frå marknaden er særs positiv, og me forventar at den stadig sterkare posisjonen til Flåm som heilårsreisemål skal fortsetje å bidra til framtidig vekst. Satsinga på heilårsturisme krev betydeleg investering. Konsernet har langsiktig mål om å levere positive resultat i alle årets tertial. Med dagens utvikling har me trua på at det skal me klare, seier Hjelleflat.

Flåm-klynga ein suksessfaktor

Alle aktivitetar i konsernet syner vekst i 2017. Flåm AS og verksemdene The Fjords DA og Flåm Utvikling AS evnar å skape synergiar på tvers av selskapa. Spesielt gjeld det effektiv drift, god bruk av kompetanse, samt tilrettelegging for gjesteopplevinga på tvers av selskapa og aktivitetane. Utviklinga i konsernet bidreg også til positive ringverknadar for lokalsamfunnet i form av arbeidsplassar. I dag utgjør Flåm-klynga meir enn 100 heilårstilsette.

2018 ser lyst ut

Ordrereserven for 2018 er no heile 45 prosent høgre enn på same tidspunkt i fjor. Grunnen er ein kombinasjon av fleire attraktivitetar, auka interesse, samt tidlegare bestillingar.

- I 2018 vil konsernet auke satsinga på jula. For fyrstkommande jul vil alle attraktivitetar vera opne og tilby opplevingar for våre gjester. Saman med andre lokale aktørar ynskjer me å tilby gjestane ei heilskapleg jul i Flåm og det arbeidet er allereie igangsatt, avsluttar Hjelleflat.

Emner

Regions


Aurland Ressursutvikling har på berre 19 år utvikla eit reisemål i verdsklasse. Då selskapet vart etablert i 1997, hadde pilene peika nedover i lengre tid både for Flåmsbana og reiselivet i regionen. Gjennom kundeorientering, eit blikk for regionens potensiale og ein betydeleg investeringsvilje har ein stegvis utvikla ein destinasjon som resten av reiselivs-Noreg hentar inspirasjon frå.

Aurland Ressursutvikling har fleire heileigde dotterselskap så vel som fellesføretak.

Flåm AS er eit dotterselskap av Aurland Ressursutvikling (ARU), og er eigd av Aurland Kommune, SIVA Eigedom Holding AS og Aurland Sparebank.

The Fjords er eit fellesføretak eigd 50-50 av ARU og Fjord 1.

Flåm Utvikling (Flåmsbana) er eit fellesføreteak eigd 50-50 av ARU og NSB.

Flåm Hotell AS er 100% heileigd av ARU.

Myrkdalen Fjellandsby er 20% eigd av ARU. 

Kontakter

Anne Mæland Hirth

Pressekontakt Pressekontakt Presseturer / Visningsturer

Helene Bjørnø

Pressekontakt Kommersiell direktør / CCO

Om Norway’s best og Norway's best Group

Om konsernet Norway’s best Group AS
Konsernet Norway’s best Group AS (NBG) er eigd av SIVA Eiendom Holding AS, Aurland Eige AS, Sogn Sparebank og Schage Eiendom AS.

NBG eig Norway’s best, Myrkdalen Fjellandsby, 50 % av selskapet som driv Flåmsbana og 50 % av The Fjords. All marknadsføring, sal, drift og tilrettelegging skjer gjennom det heileigde dotterselskapet Norway’s best AS, som også driv 4 hotell, 14 serveringsstader og kundesenter. Selskapet sine produkt og opplevingar hadde i 2019, før Covid-pandemien, meir enn 1,2 millionar gjester.

NBG er også ein stor eigedomsaktør.

Norway's best AS
Postboks 42
5742 Flåm
Norway