Gå videre til innhold
Flåm AS vert medeigar i Arctic Train. Frå venstre Karl Aksel Vik (Taraldsvik AS, styreleiar i Arctic Train Holding), Solrun Hjelleflat (dagleg leiar Flåm AS), Kjetil Strand (dagleg leiar PRS Holding AS) og Per Strand (styreleiar PRS Holding AS)
Flåm AS vert medeigar i Arctic Train. Frå venstre Karl Aksel Vik (Taraldsvik AS, styreleiar i Arctic Train Holding), Solrun Hjelleflat (dagleg leiar Flåm AS), Kjetil Strand (dagleg leiar PRS Holding AS) og Per Strand (styreleiar PRS Holding AS)

Pressemelding -

Flåm AS vert medeigar i Arctic Train

Flåm AS, ein av Noregs største reiselivsaktørar, går inn som eigar i Arctic Train med ein eigardel på 33,5 prosent, og har opsjon på å auke eigardelen til 51 prosent. Arctic Train i Narvik opererer turisttog på Ofotbanen, Noregs nordlegaste jernbane og rekna som ei av Europas vakraste togreiser, på same måte som Flåmsbana.

Samarbeidet mellom Arctic Train og Flåm vil styrke eit heilskapleg reiselivstilbod til både nordmenn og internasjonale turistar heile året.

- Det har vore ei fantastisk spanande reise so langt og vi gler oss til å få Flåm AS inn som medeigar og samarbeidspartnar. Saman skal vi gjere Arctic Train til eit fyrtårn i nord-norsk reiseliv. No skal vi vidareutvikle Arctic Train og gjere Narvik til eit enno meir attraktivt reisemål. Flåm er høgt respektert i reiselivsbransjen, og vi ser fram til å dra nytte av erfaringane og kunnskapen deira, seier Karl Aksel Vik, styreleiar i Arctic Train Holding.

- Vi ser fram til å bli eigar i Arctic Train, ein av Noregs mest spektakulære turistattraksjonar. Vi har utvikla Flåm til å verte eit av verdas mest attraktive turistmål med Flåmsbana som grunnlag. No vil vi vere med på utviklinga i Narvik og investeringa i Arctic Train er første steg på vegen. Dette vil styrke norsk reiseliv sin posisjon internasjonalt med flotte togopplevingar både i fjordane og i Nord-Noreg, seier Solrun Hjelleflat, adm. dir. i Flåm AS og konsernsjef i Aurland Ressursutvikling.

Samarbeidet tek til med ein gong, og Flåm AS vil gå inn med to styremedlemar i selskapet. Arve Tokvam frå Flåm AS vert ny styreleiar i Arctic Train Holding AS.

Eigarstrukturen i Arctic Train Holding AS vil etter emisjonen sjå slik ut: PRS Holding AS (33,25 %), Taraldsvik AS (33,25 %) og Flåm AS (33,5 %).

For meir informasjon kontakt: 

Solrun Hjelleflat
Adm. dir. i Flåm AS og konsernsjef i Aurland Ressursutvikling
solrun.hjelleflat@visitflam.com
tlf. 414 02 158

Karl Aksel Vik
Styreleiar i Arctic Train Holding AS
kav@arctictrain.com
tlf. 917 81 830

Kjetil Strand
Dagleg leiar i PRS Holding AS
kjetil@ps-eiendom.no
tlf. 913 91 630

Emner

Kategorier

Regions


Om Arctic Train

Arctic Train opererer turisttog på Ofotbanen, Noregs nordlegaste jernbane og rekna som ei av Europas vakraste togreiser. Arctic Train køyrer frå Narvik Stasjon inst i Ofotfjorden opp til Bjørnfjell Stasjon 513 meter over havet. I tillegg arbeider Arctic Train med å bli ein aktør på godstransport. Lukkast det så ligg det og her store mogelegheiter i framtida. Arctic Train Holding AS er eigd av Taraldsvik AS og PRS Holding AS.

Om Flåm AS og Aurland Ressursutvikling

Aurland Ressursutvikling og tilknytte selskap har meir enn 500 heilårs- og deltidstilsette og meir enn 1,2 millionar gjester i eit normalår. Gjennom dotterselskap og deleigde selskap utviklar og driv selskapet reiseliv og reiselivsprodukt. Verksemda, som er lokalisert i Flåm i Aurland kommune, marknadsfører og sel reiseopplevingar i nasjonale og internasjonale marknader. Selskapet eig blant anna Myrkdalen Fjellandsby, 50 % av selskapet som driv Flåmsbana og 50 % av The Fjords. Marknadsføring og tilrettelegging skjer gjennom det heileigde dotterselskapet Flåm AS. 

Kontakter

Anne Mæland Hirth

Pressekontakt Pressekontakt Presseturer / Visningsturer

Helene Bjørnø

Pressekontakt Kommersiell direktør / CCO

Om Norway’s best og Norway's best Group

Om konsernet Norway’s best Group AS
Konsernet Norway’s best Group AS (NBG) er eigd av SIVA Eiendom Holding AS, Aurland Eige AS, Sogn Sparebank og Schage Eiendom AS.

NBG eig Norway’s best, Myrkdalen Fjellandsby, 50 % av selskapet som driv Flåmsbana og 50 % av The Fjords. All marknadsføring, sal, drift og tilrettelegging skjer gjennom det heileigde dotterselskapet Norway’s best AS, som også driv 4 hotell, 14 serveringsstader og kundesenter. Selskapet sine produkt og opplevingar hadde i 2019, før Covid-pandemien, meir enn 1,2 millionar gjester.

NBG er også ein stor eigedomsaktør.

Norway's best AS
Postboks 42
5742 Flåm
Norway