Gå videre til innhold
Fretheim Hotel opna dørene 19. april, etter å ha vore stengt sidan november.
Fretheim Hotel opna dørene 19. april, etter å ha vore stengt sidan november.

Pressemelding -

Gjenopninga av Flåm er i gang

Etter at det meste i Flåm har vore stengt sidan seinhausten, byrjar det no å røre på seg igjen i den vesle reiselivsbygda inst i Aurlandsfjorden. Fretheim Hotel opna dørene måndag 19. april og byr på både kjekke arrangement og opning av nytt konferansesenter utover våren.

- No ser vi fram til ein sesong som i fjor og gler oss til å kunne ynskja gjester velkommen igjen, seier hotelldirektør på Fretheim Hotel, Øivind Wigand. - Spesielt kjekt er det å få permitterte medarbeidarar tilbake i jobb etter ein vinter med nedstenging.

Allereie laurdag 24. april er det duka for vårens fyrste arrangement på hotellet. For fjerde år på rad diskar kjøkkenet opp med ein stor buffet av sesongens beste sjømat, og Jon Hjørnevik har med seg sine 69 beste dikt og Dagfinn Iversen på gitar for å underhalde.

Sesongopning laurdag 1. mai

Gjennom vintersesongen er det berre Flåmsbana og Flåm Bakeri som har vore i dagleg drift. Flåmsbana aukar gradvis kapasiteten fram mot sommarsesongen, og har sidan før påske hatt fire avgangar per dag.

Sjølve sesongopninga vert markert med aktivitetsdag i Flåm sentrum laurdag 1. mai. Det vert aktivitetar for alle aldrar, med alt frå ponniriding og marknadsdag med lokale leverandørar til natursti ved Brekkefossen og ein smak av Ekstremsportveko. Felles bad vert det òg, med kåring av årets 1.mai-badar. Flåm Store held ope kvar helg frametter, medan Flåmsbanamuseet er ope i helgane frå 1. mai.

Vidare utover våren vert det òg kulturarrangement om bord på Legacy of The Fjords, etter at Fjord Cruise Nærøyfjord startar igjen frå 21. mai. Alle arrangement vert utført i samsvar med gjeldande smittevernreglar.

Nytt konferansesenter

Fredag 21. mai opnar det splitter nye konferansesenteret til Fretheim Hotel, vegg i vegg med hotellet si historiske avdeling. Med dette får hotellet nokon av dei mest moderne konferansefasilitetane i regionen, og allereie før lenge før opning har bedrifter i området vist stor interesse.

Overnattingskapasiteten aukar fram mot sommaren når både Hotel Aurlandsfjord i Aurland og Heimly i Flåm også opnar dørene i løpet av mai. 

Related links

Emner

Tags


Norway’s best AS er eit av landets største reiselivsselskap som eig, utviklar og driv norske kvalitetsreisemål og reiselivsprodukt i verdsklasse. Norway’s best AS (tidlegare Flåm AS) har i meir enn 20 år posisjonert Flåm med Flåmsbana og Nærøyfjorden til å bli eit av Norges største turistreisemål. I dag har selskapet aktivitet i Flåm, Aurland, Myrkdalen, Geiranger, Lysefjorden, Hjørundfjorden, Hardanger, Lofoten og Narvik. Norway’s best AS er eigd av Aurland Ressursutvikling som i 2019 hadde en omsetnad på over NOK 1 mrd, meir enn 500 heilårs- og deltidstilsette og meir enn 1,7 millioner gjester. Aurland Ressursutvikling eig Myrkdalen Fjellandsby 100%, 50 % av Flåmsbana, 50 % av The Fjords og 33,5 % av Arctic Train. I tillegg eig og driv selskapet fire hotell, 14 restaurantar og eit bakeri. All marknadsføring, sal og tilretteleggjing skjer gjennom det heleigde dotterselskapet Norway’s best AS.

Pressekontakt

Even Fusdahl Hulleberg

Pressekontakt Markedssjef 99607639

Øyvind Holsen

Pressekontakt Salgs- og markedsdirektør 481 08 705

Anne Mæland Hirth

Pressekontakt Pressekontakt Presseturer / Visningsturer

Relatert materiale

Om Norway’s best og Aurland Ressursutvikling

Norway’s best AS er et av landets største reiselivsselskap som eier, utvikler og driver norske kvalitetsreisemål og reiselivsprodukter i verdensklasse. Norway’s best AS (tidligere Flåm AS) har i over 20 år posisjonert Flåm med Flåmsbana og Nærøyfjorden til å bli et av Norges største turistreisemål. I dag har selskapet aktivitet i Flåm, Aurland, Myrkdalen, Geiranger, Lysefjorden, Hjørundfjorden, Hardanger, Lofoten og Narvik. Norway’s best AS er eid av Aurland Ressursutvikling som i 2019 hadde en omsetning på over NOK 1 mrd, mer enn 500 helårs- og deltidsansatte og mer enn 1,7 millioner gjester. Aurland Ressursutvikling eier Myrkdalen Fjellandsby 100%, 50 % av Flåmsbana, 50 % av The Fjords og 33,5 % av Arctic Train. I tillegg eier og driver selskapet fire hotell, 14 restauranter og et bakeri. All markedsføring, salg og tilrettelegging skjer gjennom det heleide datterselskapet Norway’s best AS.

Norway's best AS
Postboks 42
5742 Flåm