Gå videre til innhold
Jarle Bernhoft
Jarle Bernhoft

Pressemelding -

Jarle Bernhoft kjem til Fretheim Hotel

-Det er ei stor gleda å lansere Jarle Bernhoft and The Fashion Bruises til hagekonserten vår i mai neste år. Med ei utruleg stemme, fantastiske konsertar og innovativ låtskriving, vert dette ein konsert ein ikkje kan gå glipp av, fortel Øivind Wigand, hotelldirektør på Fretheim Hotel.

Turne og nytt album frå Bernhoft

Det har skjedd ekstremt mykje i Jarle Bernhofts musikalske karriere på dei ti åra som har gått sidan debutalbumet «Ceramic City Chronicles» vart sluppe. Eit nytt album album er på trappene på nyåret, denne gongen med fullt band, og innspelinga har føregått meir eller mindre live.

-Albumet har vorte forma av omveltingane som me lev med i verda, der ting som miljøkrisa og flyktningproblematikk stadig skapar større motsetningar mellom menneske, fortel Bernhoft.

Det nye albumet består av låtar som er hakket meir up-beat enn tidlegare materiale, og har anslag av rein rock utan at Bernhoft vil gje det stempelet «retro». Bernhoft har nyleg avslutta ein verdsturnè, og vil leggje ut på vegen att til våren, der Fretheim Hotel er ein av plassane den særs aktuelle artisten vitjar.

Lokalt preg med internasjonalt kjendisfaktor

Fjorårets hagefest med Eva Weel Skram vart ein suksess, og no fortset trenden med å lokke tilreisande så vel som lokale til ei naturskjønn musikkoppleving i hotellhagen til historiske Fretheim Hotel.

-Med ein internasjonal anerkjent artist, vil det bli ei skjønn foreining saman med vårt lokale preg på både matopplevinga, drykk så vel som dei historiske rammene Fretheim Hotel tilbyr, tilføyer Wigand.

Konserten finn stad i hotellhagen på Fretheim Hotel, laurdag 26.05.18.

Konsertpakkar og billettar kan kan tingast på www.visitflam.com

For meir informasjon, kontakt hotelldirektør Øivind Wigand, Mobil: 90 17 50 00 

Emner

Regions


Helt siden midten av 1800-talet har Flåm vært en yndet plass for turister, da engelske Lorder kom inn Sognefjorden med båtene sine på jakt etter nye områder for jakt og fiske. De var innlosjert på gården til Flåms rikeste mann, Christen Fretheim og snart så Fretheim Hotel dagens lys.

Med fortiden som inspirasjonskilde kan Fretheim Hotel by på tette møter med det beste av sognekulturen gjennom kortreiste smaker, spektakulær utsikt mot fjord og fjell og interiør og innretning som tar deg tilbake i tid. Fretheim Hotel er stolt medlem av De historiske hotel og spisesteder.

Kontakter