Gå videre til innhold
Dei nye skitrekka koplar Hagamyra i Mørkveslia saman med resten av løypenettet i Myrkdalen.
Dei nye skitrekka koplar Hagamyra i Mørkveslia saman med resten av løypenettet i Myrkdalen.

Pressemelding -

Myrkdalen utvider løypenettet: To nye skitrekk klar til neste vintersesong

Utviding av løypenettverket i Myrkdalen har lagt i korta sidan utbygginga i Mørkveslia starta, og no er dato for driftsstart bekrefta. Frå 1. desember 2023 koplar to nye skitrekk området saman med resten av skisenteret.

-Kontrakt med heisleverandør er signert og så snart snøen er vekke startar arbeidet med planering av trekktrase og fundamentering, seier Eigendomsrådgjevar, Nils Akselberg. -Driftsstart er satt til 1. desember, akkurat i tide til skisesongen.


I denne omgangen er det snakk om to nye trekk. Eit omlag 700 meter langt tallerkentrekk vil gå frå Hagamyra opp til øvre Mørkve, der eit vel 1200 meter langt t-trekk går vidare opp mot Mørkvestølen. Herifrå kjem det ei skiløype som koplar seg på det etablerte løypenettet til Storhaugekspressen.

Ski inn - ski ut

Allereie i vinter har dei nye hytteeigarane i Mørkveslia fått nyte godt av ski-inn fasilitetar, med busstransport frå hyttene til sentrum om morgonen og ski tilbake via transportløypa frå Storhaugen på ettermiddagen. Til neste år vert det ski-ut tilkomst utan bruk av buss.

-Med ein snøvinter som i år er det også ein del som har fått prøvd seg litt utanfor løypa og verkeleg fått opplevd Mørkveslia som eit puddereldorado, seier eigedomsrådgjevaren. -Og til neste år vert dette området tilgjengeleg for alle.


Ski-inn visning i påsken
I påsken kan alle som er interessert i å kjøpe hytte få teste ski inn-løypa ned i Mørkveslia. Leve Hytter, som leverer hyttene i Hagamyra-feltet, inviterer til visning frå kl. 14-16 både onsdag og laurdag. Same dagar går det gratis skibuss frå visningshytta tilbake til Myrkdalen Hotel kl. 16.00.

Påmelding til visning og retur med bussen til: hege@levehytter.no.

Related links

Kategorier


Om konsernet Aurland Ressursutvikling

Konsernet Aurland Ressursutvikling (ARU) er eigd av SIVA Eiendom Holding AS, Aurland Eige AS, Sogn Sparebank og Schage Eiendom AS.

ARU eig Norway’s best, Myrkdalen Fjellandsby, 50 % av selskapet som driv Flåmsbana og 50 % av The Fjords. All marknadsføring, sal, drift og tilrettelegging skjer gjennom det heileigde dotterselskapet Norway’s best AS, som også driv 4 hotell, 14 serveringsstader og kundesenter. Selskapet sine produkt og opplevingar hadde i 2019, før Covid-pandemien, meir enn 1,2 millionar gjester.

ARU er også ein stor eigedomsaktør.

Kontakter

Anne Mæland Hirth

Pressekontakt Pressekontakt Presseturer / Visningsturer

Helene Bjørnø

Pressekontakt Kommersiell direktør / CCO

Relatert innhold

Om Norway’s best og Norway's best Group

Om konsernet Norway’s best Group AS
Konsernet Norway’s best Group AS (NBG) er eigd av SIVA Eiendom Holding AS, Aurland Eige AS, Sogn Sparebank og Schage Eiendom AS.

NBG eig Norway’s best, Myrkdalen Fjellandsby, 50 % av selskapet som driv Flåmsbana og 50 % av The Fjords. All marknadsføring, sal, drift og tilrettelegging skjer gjennom det heileigde dotterselskapet Norway’s best AS, som også driv 4 hotell, 14 serveringsstader og kundesenter. Selskapet sine produkt og opplevingar hadde i 2019, før Covid-pandemien, meir enn 1,2 millionar gjester.

NBG er også ein stor eigedomsaktør.

Norway's best AS
Postboks 42
5742 Flåm
Norway