Gå videre til innhold
Nær byggestart: Vårstølen Utleige AS har kjøpt eitt av dei to prosjekterte bygga i sentrum av Myrkdalen
Nær byggestart: Vårstølen Utleige AS har kjøpt eitt av dei to prosjekterte bygga i sentrum av Myrkdalen

Pressemelding -

Vårstølen Utleige AS har kjøpt det prosjekterte sentrumsbygget Skabotn i Myrkdalen

Fredag 24. mars vedtok Vårstølen Utleige AS å kjøpa det prosjekterte leilegheitsbygget Skabotn i Myrkdalen sentrum. Ved tilstrekkeleg sal av leilegheiter i tvillingbygget Sendo, garanterer dette byggestart på begge bygga.

Nær byggestart for Sendo og Skabotn

Prosjektet med dei to eksklusive leilegheitsbygga kortare enn eit steinkast unna Myrkdalen Hotel vart først lansert på denne tida i fjor. Til saman var det lagt opp til 44 leilegheiter med vekt på kvalitet frå a til å og ein gjennomgåande høg standard.

Toppleilegheita i Sendo på 193 m2 vart seld fyrst, til ein sum på over 14 millionar. Dei resterande leilegheitene ligg på ein pris frå i underkant av 4 opp til 9 millionar.

Etter salet av Skabotn, står det berre att sal av om lag 5 leilegheiter i Sendo før styret i Aurland Ressursutvikling kan vedta byggestart. Går alt etter planen vil arbeidet starta i mai i år, med planlagt overlevering til nye eigarar i siste kvartal i 2024.

Vårstølen Utleige AS
Vårstølen Utleige AS er eit selskap som har som formål å drive utleige i Myrkdalen. Utleigen er basert på fritidseiningar som selskapet enten har kjøpt hjå Myrkdalen Fjellandsby eller leilegheiter og hytter som selskapet har bygt på tomter som dei har kjøpt hjå Myrkdalen Fjellandsby AS.

Selskapet vart etablert under finanskrisa i 2009, og kjøpte leilegheiter som Myrkdalen Fjellandsby AS ikkje fekk selt. Då, som no, var det nesten full stopp i sal av nye leilegheiter, medan utleigemarknaden tok seg opp. Dette gav grunnlag for ein forretningside som heilt sidan starten har vore positiv for både Myrkdalen Fjellandsby AS og Vårstølen Utleige AS.

Tilpassing til anna forretningsmodell
Vårstølen Utleige har bygt opp eit solid selskap med over 25 leilegheiter på det meste, og organiserer utleige i avtale med Myrkdalen Hotel som bookingselskap eller via eigne åremålskontraktar. Vårstølen Utleige AS har i dag en portefølje med leilegheiter og tomter som har en marknadsverdi i nærleiken av 90 millionar.

Eigarane av selskapet Vårstølen Utleige er viktige samarbeidspartnarar for Myrkdalen Fjellandsby, med eigarar, grunneigar, bygg- og heisentreprenør og lokale investorar, som er interessert i ei god utvikling av utleigemarknaden i Myrkdalen Fjellandsby.

For å passa Vårstølen Utleige sin forretningsmodell, vil Skabotn innehalda 20 leilegheiter for utleige, men med same eksklusive kvalitetar og uttrykk som i dei privateigde einingane i Sendo.

Emner


Om konsernet Aurland Ressursutvikling

Konsernet Aurland Ressursutvikling (ARU) er eigd av SIVA Eiendom Holding AS, Aurland Eige AS, Sogn Sparebank og Schage Eiendom AS.

ARU eig Norway’s best, Myrkdalen Fjellandsby, 50 % av selskapet som driv Flåmsbana og 50 % av The Fjords. All marknadsføring, sal, drift og tilrettelegging skjer gjennom det heileigde dotterselskapet Norway’s best AS, som også driv 4 hotell, 14 serveringsstader og kundesenter. Selskapet sine produkt og opplevingar hadde i 2019, før Covid-pandemien, meir enn 1,2 millionar gjester.

ARU er også ein stor eigedomsaktør.

Kontakter

Frode Bremerthun Rokne

Finansdirektør / Eigedomsansvarlig Myrkdalen +47 918 41 635

Relatert innhold

Om Norway’s best og Norway's best Group

Om konsernet Norway’s best Group AS
Konsernet Norway’s best Group AS (NBG) er eigd av SIVA Eiendom Holding AS, Aurland Eige AS, Sogn Sparebank og Schage Eiendom AS.

NBG eig Norway’s best, Myrkdalen Fjellandsby, 50 % av selskapet som driv Flåmsbana og 50 % av The Fjords. All marknadsføring, sal, drift og tilrettelegging skjer gjennom det heileigde dotterselskapet Norway’s best AS, som også driv 4 hotell, 14 serveringsstader og kundesenter. Selskapet sine produkt og opplevingar hadde i 2019, før Covid-pandemien, meir enn 1,2 millionar gjester.

NBG er også ein stor eigedomsaktør.

Norway's best AS
Postboks 42
5742 Flåm
Norway