Gå videre til innhold
Hjørundfjorden. Foto: Visit Ålesund
Hjørundfjorden. Foto: Visit Ålesund

Pressemelding -

Ny båtrute mellom Ålesund og Øye: Fjord Cruise Hjørundfjord startar 01.juni

Turismen i Noreg er i full vekst, og det er gjerne fjordane turistane ynskjer å oppleve. I Hjørundfjorden får ein oppleve spektakulært fjordlandskap og dei mektige Sunnmørsalpane. 

-Denne ruta vil gje gjestene våre mogelegheita til på oppleve det ypperste av norsk natur, seier dagleg leiar for The Fjords, Rolf Sandvik. 

Den nye passasjerruta mellom Ålesund og Øye startar opp 01.juni. Fjord Cruise Hjørundfjord er eit viktig tilskot for å enklare kunne frakte turistar mellom Geiranger og Ålesund. Ruta vil ha tre avgongar per dag, og er i drift fram til 31.august.Ruta vil også ha stopp på Trandal, eitt av fleire gode utgangspunkt for naturskjønne fjellturar. Passasjerbåten som skal frakte gjestane heiter Fjord Molde og tek 97 passasjerar. 

Den 1.juni kl. 08:30 vert dei fyrste passasjerane frakta frå Ålesund til Øye, og ein håpar å sjå både tilreisande så vel som dei lokale nytte seg av det nye tilbodet. 

For pressa har ein høve til å bli med på ein før-tur 31.05.  Kl. 15:45 er det ombordstigning i Ålesund, før ein reiser t/r Ålesund-Øye med blant anna stopp på Trandal, Urke og Union Hotel Øye. Meld dykk på direkte til sofie.olsen@visitflam.com 

Emner

Regions


Flåm AS tilrettelegger reiser og mektige opplevelser i Flåm og omegn. Dagens moderne turist forventer å få en smakebit av en regions særtrekk på en inspirerende, tilrettelagt og effektiv måte. Dette i kombinasjon med bekvemmeligheter, matopplevelser og service av beste kvalitet.

Kontakter