Gå videre til innhold
Bent Cato Danielsen er tilsett som ny COO i Norway's best AS
Bent Cato Danielsen er tilsett som ny COO i Norway's best AS

Pressemelding -

Ny Driftsdirektør (COO) i Norway’s best AS

Bent Cato Danielsen (54) er tilsett som ny Driftsdirektør (COO) i Norway’s best AS. Han jobbar i dag som konsulent for DNT. Danielsen har 15 års erfaring som operativ leiar for hotelldrift og resort drift, hovudsakleg frå England.

Danielsen byrjar i stillinga 21. august, og erstattar Vidar Hauståker som blir ny Økonomisjef i Flåm Utvikling. Som COO vil Danielsen ha det overordna ansvaret for Norway’s best sine operasjonar i reisemåla Flåm og Myrkdalen.

- Norway’s best er eit av dei mest spennande selskapa i norsk reiseliv. Eg er svært motivert for oppgåva, og ser fram til å vere med på å bygge vidare på det imponerande arbeidet som blant anna er gjort i Flåm og Myrkdalen, seier Bent Cato Danielsen.

- Vi er glade for å ha fått Danielsen med på laget. Han har erfaring, kompetanse og eigenskapar som er veldig relevant for oss, og som vil bli nyttig i vårt arbeid med å vidareutvikle Flåm og Myrkdalen som fyrtårn i norsk reiseliv, ikkje minst hans lange internasjonale erfaring. Det har vore ein god prosess, med mange gode og kvalifiserte søkarar til denne viktig funksjonen i selskapet, seier konsernleiar Per Brochmann i Norway’s best Group AS.

Ved ønske om ytterlegare opplysningar eller kommentarar ta kontakt med:
Per Brochmann, Konsernleiar i Norway’s best Group: tlf. 481 88 929
Bent Cato Danielsen: tlf. 463 60 616

Emner

Kategorier


Om konsernet Norway’s best Group AS
Konsernet Norway’s best Group AS (NBG) er eigd av SIVA Eiendom Holding AS, Aurland Eige AS, Sogn Sparebank og Schage Eiendom AS.

NBG eig Norway’s best, Myrkdalen Fjellandsby, 50 % av selskapet som driv Flåmsbana og 50 % av The Fjords. All marknadsføring, sal, drift og tilrettelegging skjer gjennom det heileigde dotterselskapet Norway’s best AS, som også driv 4 hotell, 14 serveringsstader og kundesenter. Selskapet sine produkt og opplevingar hadde i 2019, før Covid-pandemien, meir enn 1,2 millionar gjester.

NBG er også ein stor eigedomsaktør.

Kontakter

Per Brochmann

CEO / Konsernleiar +47 481 88 929

Om Norway’s best og Norway's best Group

Om konsernet Norway’s best Group AS
Konsernet Norway’s best Group AS (NBG) er eigd av SIVA Eiendom Holding AS, Aurland Eige AS, Sogn Sparebank og Schage Eiendom AS.

NBG eig Norway’s best, Myrkdalen Fjellandsby, 50 % av selskapet som driv Flåmsbana og 50 % av The Fjords. All marknadsføring, sal, drift og tilrettelegging skjer gjennom det heileigde dotterselskapet Norway’s best AS, som også driv 4 hotell, 14 serveringsstader og kundesenter. Selskapet sine produkt og opplevingar hadde i 2019, før Covid-pandemien, meir enn 1,2 millionar gjester.

NBG er også ein stor eigedomsaktør.

Norway's best AS
Postboks 42
5742 Flåm
Norway