Gå videre til innhold

Pressemelding -

The Fjords utvidar flåten med nytt nullutsleppsfartøy frå Brødrene Aa

The Fjords styrkar satsinga si på berekraftige fjordopplevingar og kunngjer i dag at selskapet har inngått avtale med Brødrene Aa om levering av eit nytt, topp moderne fartøy. Det skal setjast i trafikk på Nærøyfjorden som selskapet sitt tredje fartøy i den spektakulære og vakre verdsarvfjorden. Fartøyet er eit nullutsleppsfartøy med elektrisk batteridrift, og vil vere på plass til årets sesong.

Turisttrafikken på fjordane er aukande, og behovet for meir kapasitet er særleg stort i sommarmånadane. Samstundes som det nye fartøyet gir auka kapasitet betyr dette også at The Fjords tilbyr fleire avgangar gjennom dagen, noko som bidreg til ein jamnare gjesteflyt og ei betre totaloppleving i verdsarvområdet. Som selskapet sine øvrige fartøy har den nye båten god plass til gjestene, noko som sikrar ei komfortabel reiseoppleving.

Det nye fartøyet har ein kapasitet på 300 passasjerar og er designa for å gi gjestene ei tett på naturoppleving. Med eit stort utsiktsdekk, romslege uteområde og eit gjennomført interiørkonsept i tråd med The Fjords sin profil, vil fartøyet tilby både komfort og panoramautsikt i verdsklasse. Ombord finst ein moderne lounge og kafé, utvikla for å gi gjestene ei heilskapleg oppleving gjennom heile reisa.

Dette er eit nytt viktig steg i utviklinga vår. Med eit tredje fartøy på Nærøyfjorden styrker vi både kapasiteten og fleksibiliteten i tilbodet vårt. Med denne utvidinga held The Fjords fram si målretta satsing på framtidsretta og miljøvenlege løysingar, samstundes som selskapet legg til rette for vidare vekst og utvikling i åra som kjem, seier dagleg leiar i The Fjords John Vonli.

The Fjords har segla utsleppsfritt i Nærøyfjorden sidan 2020, og med sterkt reduserte utslepp også i åra før dette. Med det nye fartøyet gjer selskapet det mogleg for endå fleire gjester å oppleve fjorden på nært hold – heilt utsleppsfritt.

Investeringa gir også The Fjords moglegheit for utvikling av nye produkt i skulder- og vintersesong. Auka frekvens og betre tilpassing til marknaden vil bidra til å forsterke selskapet sin posisjon som ein leiande aktør innan heilårleg berekraftig fjordturisme.

Fartøyet er basert på Brødrene Aa sitt innovative Aero-design, som kombinerer låg vekt, høg komfort og energieffektiv drift. Den elektriske batteridrifta gir null utslepp og ei stillegåande reiseoppleving, som ytterlegare forsterkar naturopplevinga i det sårbare fjordlandskapet.

Emner

Kategorier

Regions


Om The Fjords og konsernet Norway’s best Group AS

The Fjords DA vart etablert i 2015 av Norway’s best AS (tidlegare Flåm AS) og Fjord1. Frå mai 2024 har selskapet vore 100% eigd av Norway’s best Group AS. The Fjords har vist veg i utviklinga av berekraftige fjordopplevingar med sine innovative låg- og nullutsleppsfartøy. Først hybridfartøyet Vision of The Fjords i 2016, følgt av dei to heilelektriske søsterskipa Future of The Fjords i 2018 og Legacy of The Fjords i 2020. Selskapet har i dag aktivitet på Nærøyfjorden og i Oslofjorden.

Norway’s best Group AS (NBG) er eit leiande norsk reiselivskonsern, med nokre av Norges mest spektakulære natur- og kulturbaserte reiseopplevingar i sin portefølje. Konsernet har sitt hovudkontor i Flåm, og kontorstader i Myrkdalen, på Voss, i Bergen og Narvik.

NBG er i front på heilskapleg reisemålsutvikling, og har i dag ei verksemd bygd på sine heilårssatsingar i Flåm, Myrkdalen og Narvik. I over 25 år har NBG posisjonert Flåm, med Flåmsbana og Nærøyfjorden, til å bli eit av Norges mest populære reisemål. I pudderparadiset Myrkdalen, med Myrkdalen Fjellandsby, ligg den største skidestinasjonen på Vestlandet. I nord eig og driv selskapet Narvikfjellet i Narvik og verdas nordlegaste dyrepark Polar Park i Bardu. Selskapet har i tillegg aktivitet i Aurland, Lærdal, Geiranger og Oslo. NBG-konsernet eig i tillegg det innovative selskapet The Fjords, som tilbyr unike nullutslepps reiseopplevingar på norske fjordar, og 50% av den spektakulære Flåmsbana.

Kontakter