Gå videre til innhold
Instruktørteamet på Musikkteaterskulen
Instruktørteamet på Musikkteaterskulen

Nyhet -

Gratis musikkteaterskule i vinterferien

I vinterferien, i dagane 17. - 20. februar, inviterer Opera Nordfjord igjen til gratis Musikkteaterskule på Fjordane Folkehøgskule. Det har vore arrangert musikkteaterskule ei veke kvar sommar sidan sommaren 2021, og det er no utvida til ein kjekk aktivitet også i vinterferien. Rett før jul fekk Opera Nordfjord på nytt tildelt kr 300 000 frå Gjensidigestiftelsen til gratis musikkteaterskule, eit svært viktig og generøst bidrag for å kunne vidareføre dette viktige tilbodet.

På instruktørlista har vi mange av den faste gjengen som har utvikla musikalskulen saman med produsent Ine Nord: Asbjørn Hagen, Ingrid Tykhelle Kayser, Sunniva Honningsvåg, Runa Bergem, Eline Lillestøl og Tuva Nyhammer-Taklo. Ny av året for Musikkteaterskulen er den erfarne sopranen og songlæraren Helga Botn, kjend for mange i Opera Nordfjord gjenneom fleire roller opp gjennom åra. No skal ho ha ansvar for den eldste gruppa frå 13-19 år med hovudfokus på songteknikk og skodespelarteknikk. Produsent er Ine Nord.

Gjennom veka vert det tid til både fellesnummer, solonummer, teaterleik, minimusikal og eit variert valfagtilbod. Alle skal innom både song, dans og skodespel, og i tillegg er det sjølvsagt sterkt fokus på leik og fellesskap der alle skal kjenne seg heime og velkomne.

Elevar frå 5. klasse i barneskulen til og med 3. klasse på vidaregåande kan melde seg på, uansett kor ein kjem i frå, ein tek inn deltakarar fortløpande. Undervisninga er frå kl. 10-15 kvar dag.

Påmelding og meir info: https://operanordfjord.no/prod...

Emner

Kategorier

Regions

Kontakter

  • Opera Nordfjord tilbyr gratis musikkteaterskule i vinterferien
    Opera Nordfjord tilbyr gratis musikkteaterskule i vinterferien
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1920 x 1080, 354 KB
    Last ned