Gå videre til innhold

Siste nytt

Utvalgt

Utvalgt

  • Carmen endeleg tilbake i Operahuset Nordfjord

    30. september er det igjen premiere på operaen Carmen av Georges Bizet i Operahuset Nordfjord, 17 år etter den første Carmen-premieren, når 10 solistar, 5 dansarar, 36 koristar, 20 born og 40 musikarar gir liv til ein av operahistoria sine mest og populære operaer.

  • Meisterverk på turné i stort samarbeidsprosjekt

    Meisterverk er tittelen på konsertturnéen Opera Nordfjord legg ut på i slutten av april, med konsertar i Operahuset Nordfjord fredag 24. april, Førdehuset laurdag 25. april og Parken Kulturhus søndag 26. april. Distriktsoperaen på Nordfjordeid har fått med seg Musikklinjekoret på Firda vidaregåande skule og Ålesund Operakor, og saman med eigne korsongarar vil prosjektkoret telle ca. 110 songarar.

  • OperaKysten med lystig kammeropera i Operahuset Nordfjord


    OperaKysten markerer sitt 10årsjubileum med ei gjenoppsetting av kammeroperaen Der Scahuspieldirektor, eller Teaterdirektøren av Wolfgang Amadeus Mozart, og Opera Nordfjord er stolt samarbeidspart, når operakollegaer frå kysten inntek operascena med vakre tonar og muntert skodespel. I Mozart sin lystige komedie Teaterdirektøren får publikum ein liten, latterleg, men absolutt realistisk sma

  • Romjulskonsert i Eid Kyrkje for Leger uten grenser

    Opera Nordfjord inviterer igjen til støttekonsert i Eid Kyrkje i romjula til inntekt for Leger uten grenser. Profesjonelle artistar og unge lokale talent stiller opp med eit variert program med både vokal- og instrumentalinnslag.

  • Matilda i nynorsk språkdrakt til Opera Nordfjord

    28. november er det premiere på MATILDA-musikalen i Operahuset Nordfjord, med fem påfølgjande forstillingar 29.11., 30.11. 05.12, 06.12. og 07.12..Heile 51 sceneaktørar og 11 musikarar skal forvandle operahuset til eit musikalmekka i to veker, med plass til godt og vel 2900 publikummarar!

  • Soga om Sol klar for Vestlandsturné

    – No gler vi oss stort til å få den nye turnéversjonen på vegen for å begeistre nye publikummar i Vestland og feire 200 år med utvandring frå Noreg til Amerika, seier operasjef Kari Standal Pavelich, som håpar at kulturhusa langs kysten vil fyllast opp for å feire både utvandring, innvandring, menneskeverd, likeverd og fridom for alle.

  • Internasjonale klimastudentar frå Sogndal på operaturné

    Tysdag 2. september startar turnéen for operaen BLÅ med både skuleframsyningar og kveldsframsyningar i store delar av fylket. Det er dei vidaregåande skulane på Eid, i Måløy, Stryn, Florø, Førde, Høyanger, Sogndal og i Gloppen som får besøk av den nyskrivne miljøoperaen av librettist Jesper B. Karlsen og komponist Hugi Gudmundsson, basert på boka BLÅ av Maja Lunde. Opera Nordfjord og det danske

Sosiale medier

Møt vår Micaëla i operaen Carmen, Cleo Lee-McGowan: Den australske sopranen Cleo Lee-McGowan song rolla som Konstanze i Die Entführung aus dem Serail ved Victorian Opera i Melbourne, Australia i 2025. I 2024 deltok ho i finalerundene i Operalia og var semifinalist i Belvedere Singing Competition. Cleo debuterte ved English National Opera i 2023 som First Niece i Peter Grimes. I 2022 var ho Young Artist ved Glyndebourne, der ho song rolla som First Bridesmaid og var cover for rolla som Susanna i Figaros bryllup. Cleo vende tilbake til Glyndebourne i 2023 som sopransolist i Haydns Skapelsen og som cover for rolla som Tytania i En midtsommernattsdrøm. Cleo debuterte ved Den Norske Opera i 2022 som Juno i Orfeus i underverdenen og Høna i Den lure reven. Ho var også cover for Sœur Constance i Dialogues des Carmélites og for Fünfte Magd i Elektra. Cleo har ein mastergrad frå Guildhall School of Music and Drama i London og ein bachelorgrad frå University of Melbourne.

Det er ei stor glede å presentere ein av Spanias aller beste og mest kjende flamencodansarar, Gabriel Aragú Gonzáles frå Sevilla🇪🇸✨Det er duka for heit lidenskap og dampande flamencoscener når Carmen går av stabelen frå 30. september til 11. oktober i Operahuset Nordfjord🔥🙏🏻 Gabriel Aragú González kjem frå Spania og vaks opp i ein kunstnarfamilie, der både mora, faren og dei tre søstrene alle er dansarar. I ein alder av 18 år regisserte han allereie si første forestilling, og som 33- åring hadde han hatt premiere på heile sytten forestillingar. Han har arbeidd ved scener i mellom anna Hellas, England, Canada, Nederland, Kina. Flamencodansen hans er prega av ei konstant utforsking av samtidsdans og fysisk teater. Eit godt døme på dette er kompaniet Mimenko, grunnlagt i 2018 saman med skuespillerinna Deidi Lucas. Saman har dei hatt premiere på forestillingene Deriva (2022) og Mimenko (2018). Gabriel har budd i Sevilla sidan 2012, der han har jobba med Cristina Hoyos Ballet og José Galván Company. Han har òg samarbeidd med Galván som koreograf på forestillinga Bailando a Camarón. I tillegg har han koreografert ni forestillingar for det det chilenske kompaniet Flamenco Triana. Han er vinnar av Madroño-prisen i 2022 i kategorien dans, tildelt av byen Madrid til unge kunstnarar. Hans nyaste verk omfattar Los Ojos de Bernardo (2024) og Deshágase la luz (2022), som mottok ein pris frå Escenarios de Sevilla som Beste danseshow 2022. I 2019 skapte han kortstykket Serendipia, som vann ein pris i Madrid Flamenco-konkurransen. #carmen #flamenco #operanordfjord #operahusetnordfjord #opera

Biografi Simen Bredesen Møt vår Don José, Simen Bredesen: I 2021 blei Simen Bredesen ein del av Den Norske Operas talentprogram for unge songarar (Young Artist Programme) og debuterte samme år på hovudscena, der han sidan har framført fleire roller. Han har samarbeidd med ei rekkje framtredande orkester og ensemble, mellom anna Arctic Philharmonic, Cæciliaforeningen, Sønderjyllands Symfoniorkester, Jönköping Sinfonietta, Kristiansund Symfoniorkester og Kristiansand Symfoniorkester og har òg opptredd ved den anerkjende Risør Kammermusikkfestival. Simen har sunge fleire operaroller, mellom anna Pluto i Offenbachs Orfeus i underverdenen, Pierre i Nothing, Beppe i Pagliacci, Goro i Madama Butterfly, Spoletta i Tosca og Edwin i Csárdásfyrstinnen. Denne sesongen debuterer han som Don José i Carmen. Som tenorsolist har Bredesen framført eit breitt utval av store oratorier og større verk, av dei Händels Messias, Schuberts Store messe, Haydns Nelsonmesse, Mozarts Requiem, Rossinis Petite Messe Solennelle og rolla som Svanen i Carmina Burana. Lenke til billettsal i kommentarfeltet.

Kontakter