Gå videre til innhold
Opera Nordfjord byr på eit strålande solistlag når Carmen etter 17 år igjen skal iscenesetttast i Operahuset Nordfjord til hausten

Pressemelding

Carmen endeleg tilbake i Operahuset Nordfjord

Våren 2009 opna Operahuset Nordfjord med brask og bram, og i oktober same år kunne Opera Nordfjord endeleg innby til sin aller første operapremiere i sin nye heim, då overtyren til Carmen steig opp frå den splitter nye orkestergrava, med HM Dronning Sonja til stades i salen. No har det gått 17 innhaldsrike år i det lokale operahuset, og distriktsoperaen på Nordfjordeid er igjen klare for ny Carmen-premiere for ein ny generasjon publikummarar.

Opera Nordfjord byr på eit spennande kunstnarisk team samansett av dirigent Per Kristian Skalstad, regissør Marit Grytnes Dullaert, scenograf Åse Hegrenes, kostymedesignar Jenny Hilmo Teig, koreograf og regiassistent Simen Gloppen, lysmeister Ovar Holmen, maskør Maria Sierra Zahl og rekvisitør Anndi Bergset.

Dei fleste av solistane er nye, bortsett frå ein; Trond Gudevold, som den gongen gjorde rolla som Escamillo, får vi i år møte som Zuniga. I rollene elles møter vi Lilly Jørstad som Carmen, Simen Bredesen som Don José, Cleo Lee-McGowan som Micaëla, Magnus Dorholt Kjeldal som Escamillo, Elisabeth Gimmestad i rolla som Frasquita, Cecilia Lund Tomter som Mercédès. Erlend Tvinnereim som Remendado, Lars Eggen som Dancaïre og Espen Langvik som Morales.

Det er ekstra stas å ha med profesjonelle dansarar i store operaproduksjonar. I år er det ekstra kjekt at alle dei tre kvinnelege, profesjonelle dansarane kjem frå Nordfjordeid: Thea Asimina Bjørhovde Mavropoulou, Sara Sandvik Arnestad og Tuva Nyhammer-Taklo. Det var eit stort ønskje frå regissøren å ha med to mannlege dansarar, som kan spele ut dramaet mellom Don José og Escamillo. Det er ei glede å presentere både Oliver Paulsson frå Sverige, kjend frå Dirty Dancing på Chateau Neuf i fjor, og ein av Spanias aller beste og mest kjende flamencodansarar, Gabriel Aragú Gonzáles frå Sevilla i Spania. Det er duka for heit lidenskap og dampande flamencoscener når dei fem dansarane møtast til dyst i operahuset!

Operakoret har ei særs viktig rolle i Carmen og får mykje å gjere på scena, både reint musikalsk i store, kompliserte korparti og som skodespelarar. I tillegg til dei 35 vaksne koristane har barnekoret ei viktig rolle på scena. 20 born frå Ørsta, Volda, Hornindal, Gloppen, Eid, Kjølsdalen og Bryggja skal gi ekstra liv og røre på scena i fleire av operascenene. Operaorkesteret tel 40 profesjonelle musikarar og er samansett av distriktsmusikarar og musikklærarar frå regionen samt frilansmusikarar frå heile landet.

Billettsalet er godt i gang til dei åtte forestillingane 30. september og. 2., 3., 5., 7., 8., 10. og 11. oktober.

Billettkjøp/meir info: https://operanordfjord.no/prod...

Emner

Regions


Opera Nordfjord vart starta i 1998 etter idé frå Kari Standal Pavelich og ektemannen Michael Pavelich, som framleis er sentrale i administrasjon og kunstnarisk leiing. Distriktsoperaen har sidan starten hatt store årlege operaproduksjonar på Nordfjordeid, takka vere omfattande dugnadsinnsats av ca. 200 frivillige. I tillegg til hovudproduksjonen om hausten turnerer Opera Nordfjord med eit nytt konsertprogram kvar vår til konsertstader på nordvestlandet. Samarbeid med andre aktørar står sentralt i operaen sitt virke, Eid vidaregåande skule er fast samarbeidspart i produksjon av kulissar og rekvisittar kvar haust, og Musikklinjekoret ved Firda vidarergåande skule har jamnlege konsertsamarbeid om våren. I tillegg er det eit utstrakt samarbeid med andre distriktsoperaer og Den Norske Opera & Ballett gjennom samproduksjonar eller utleige/lån av delproduksjonar. Familieproduksjonen vart innført i 2013 med balletten Nøtteknekkaren. Sidan har både The Sound of Music og Du er god, du, Charlie Brown fått god mottaking av publikum. Fast spelestad er Operahuset Nordfjord på Nordfjordeid, og administrasjonen har kontorstad i ærverdige Gamlebanken i Eidsgata.

Kontakter