Pressemelding -
Konsert til inntekt for TV- Aksjonen
Årets TV-aksjon går til Barnekreftforeningen, som skal etablere familiehus ved universitetssjukehusa i Tromsø, Trondheim, Bergen og Oslo. Her kan barn med alvorleg sjukdom og familiane deira bu saman, medan barnet får behandling. Slik blir søsken også ivaretekne, og familien kan skape gode stunder i ei vond tid. Familien får mulegheit til å skape ein heim på institusjonen. Dei kan støtte kvarandre gjennom dei vondaste periodane og få etterlengta pausar frå livet på sjukehuset.
Opera Nordfjord har ein lang og trufast tradisjon med å arrangere konsert til inntekt for NRK sin TV-Aksjon under operavekene i oktober. I år skjer det fredag 11. oktober kl. 19.00 i Eid Kyrkje, og ein kan allereie no love eit rikhaldig konsertprogram, som er samansett av solistar og musikarar frå operaen Figaros bryllup, som i desse dagar vert spelt i Operahuset Nordfjord.
Fleire av hovudrollene deltek på konserten; Vibeke Kristensen skal synge Over the Rainbow frå filmen The Wizzard of Oz, medan Lydia Hoen Tjore byr på Rusalka sin vakre arie Sang til månen frå operaen Rusalka og Jeg elsker dig av Edvard Grieg. Maia Reppe og Louise Engeseth skal framføre den kjende duetten Barcarole frå operaen Hoffmanns Eventyr. Trond Gudevold har vore solist hos Opera Nordfjord ei rekkje gongar sidan Eugene Onegin i 2006, og hans tolking av Ol´Man River har gjennom åra vorte legendarisk - gå ikkje glipp av årets versjon! Siv Oda Hagerupsen framfører den vakre og romantiske The Willow Tree med nykomponert musikk av Bruno Newman til gammal tekst av Thomas Chatterton frå 1700-talet!
Mark Bennett er ein av Europas fremste trompetistar, kjend både frå ei rekkje internasjonale barokkensemble og symfoniorkester, så vel som musikalar på West End og meir enn 100 filminnspelingar! I Eid Kyrkje får vi høyre han på barokktrompet i Sonata av Prentzl saman med pianist - og dirigent for Figaros bryllup - Eva Holm Foosnæs, som òg skal akkompagnere fleire av dei andre innslaga.
Den argentinske tangokomponisten Astor Piazzolla har laga mykje hjartevarm og lidenskapeleg musikk som har mange tilhengarar. På konserten får vi høyre både Chiquilín de Bachín (Vals) og Oblivion, mellom anna med Trond Gudevold på klarinett og Øyvind Skatvedt Robak på bandoneon. Mozart står òg på programmet, med 1. sats av hans vakre klarinettkonsert, framført av Aksel Hovdar. Elles kan vi by på cellomusikk med Henrik Silfverhielm, fagottsonate med Ingrid Åhlander Bennett og solosang av unge Ane Woxen frå Sandane. Meir kan komme til, sidan programmet vert til i desse siste dagane før konsert.
Opera Nordfjord takkar Eid Kyrkje, som stiller kyrkja til disposisjon, som alltid, likeeins Hildenes Gartneri som pyntar så fint og Sparebanken Vest, som sponsar annonse.
Det er fri entré for alle, og dei som vil støtte TV-Aksjonen, kan gi ei gåve ved utgangen. Dei innsamla midlane går uavkorta til TV-Aksjonen 2024, som går av stabelen 20. oktober.
Emner
Regions
Opera Nordfjord vart starta i 1998 etter idé frå Kari Standal Pavelich og ektemannen Michael Pavelich, som framleis er sentrale i administrasjon og kunstnarisk leiing. Distriktsoperaen har sidan starten hatt store årlege operaproduksjonar på Nordfjordeid, takka vere omfattande dugnadsinnsats av ca. 200 frivillige. I tillegg til hovudproduksjonen om hausten turnerer Opera Nordfjord med eit nytt konsertprogram kvar vår til konsertstader på nordvestlandet. Samarbeid med andre aktørar står sentralt i operaen sitt virke, Eid vidaregåande skule er fast samarbeidspart i produksjon av kulissar og rekvisittar kvar haust, og Musikklinjekoret ved Firda vidarergåande skule har jamnlege konsertsamarbeid om våren. I tillegg er det eit utstrakt samarbeid med andre distriktsoperaer og Den Norske Opera & Ballett gjennom samproduksjonar eller utleige/lån av delproduksjonar. Familieproduksjonen vart innført i 2013 med balletten Nøtteknekkaren. Sidan har både The Sound of Music og Du er god, du, Charlie Brown fått god mottaking av publikum. Fast spelestad er Operahuset Nordfjord på Nordfjordeid, og administrasjonen har kontorstad i ærverdige Gamlebanken i Eidsgata.