Gå videre til innhold
Born frå Sandane, Volda, Ørsta, Stryn, Bryggja, Haugen, Eid og Kjølsdalen utgjer klassa til Matilda

Pressemelding -

Matilda i nynorsk språkdrakt til Opera Nordfjord

Opera Nordfjord innbyr til musikalfest med MATILDA

Sidan april har små og store songarar og skodespelarar, kunstnariske leiarar, profesjonelle hovudroller og dyktige amatørar hatt jamlege øvingar for å terpe notar, dansetrinn og replikkar for å bli premiereklare i slutten av november med musikalen MATILDA, basert på barneboka av Roald Dahl av same namn,. No vert øvingane intensivert med samlingar kvar helg. Vår regissør Mattias Palm frå Gøteborg har nettopp hatt premiere på denne musikalen på Säffleoperan i Sverige, der musikalen går for fulle hus utover hausten. Denne helga har han hatt øvingar med begge Matildaene våre og nokre av dei vaksne rollene.

Frå kommande helg er heile ensemblet i sving med øvingar i Valhall. Små og store i alle aldrar kan berre begynne å gle seg til heile seks framsyningar i operahuset 28.-30. november og 5.-7. desember. 2025. Miss Thrunchbull lovar å gjere livert skikkeleg surt for skuleborna, men Matilda lovar å kjempe endå sterkare, med list og lempe, for det som er sant og rett, med alle sine gode hjelparar!

I tillegg til regissør Mattias Palm består det kunstnariske teamet av musikalsk leiar Tove Kragset, koreograf og regiassistent Simen Gloppen, scenograf Anndi Bergset, kostymedesignar Heidi Kverndokk, lysdesignar Ovar Holmen og maskør Hege Ramstad.

Ensemblet tel 26 born, 10 ungdommar og 15 vaksne, i alt 51 sceneaktørar. Mari Sægrov Djupvik og Lilly Svidal-Sande, begge frå Gloppen, deler på rolla som Matilda. Lavender-rolla vert òg delt mellom to songarar: Frida Søvik Mårstøl frå Ørsta og Ea Anouk Nyhammer frå Gloppen. Jakob Brandsæter frå Volda har rolla som Bruce, Lino Lunde Solberg frå Stryn gjer rolla som Nigel, Liam Alexander Bugjerde frå Bryggja spelar rolla som Eric, Synna Naveldaker Sandvik frå Haugen på Eid gjer rolla som Amanda, Milla Tomine Kleppe Rise frå Nordfjordeid spelar Alice, Adine Hersi Hjellbakk frå Gloppen tolkar rolla som Hortensia, og Martin Midthjell Hanøy er Tommy.

I dei sju profesjonelle rollene møter vi Espen Langvik som Miss Trunchbull, Sunniva Honningsvåg som Mrs. Wormwood, Eirik Risholm Velle som Mr. Wormwood, Martha Standal Pavelich som Miss Honey, Nora Aurdal som Mrs.Phelps, Håkon Bøen som Utbrytarkongen og Thea Mavropoulou som Akrobaten.

Orkesteret er samansett av 11 profesjonelle musikarar, stort sett frå vårt eige distrikt.

Forestillingane går denne gongen over to helger i Operahuset Nordfjord: 28.-30. november og 5.-7. desember, og det meldast at billettsalet er svært godt i gong allereie, med godt sal på alle forestillingar. Matilda passar for alle aldrar, og det går veldig godt an å komme i operahuset for å oppleve denne fantastiske forestillinga utan å ha med seg barn. Ein vil likevel sterkt oppmode foreldre, tanter, onklar og besteforeldre om å ta med barn, barnebarn og andre sine barn for å oppleve stor og magisk scenekunst med lokale krefter! Ein kan love stille, vare og innadvente soloar, elleville shownummer, MYKJE flott dans og kjapp replikkveksling!

MATILDA er først og fremst ei hjartevarm historie om modige born, som saman søkjer rettferd og sanning, og om nokre feige vaksne som har nok med seg sjølve. Men, heldigvis, finst det òg nokre gode vaksne, som både tek ansvar og hjelper dei som er åleine og treng å bli sett.

Musikalen er omsett til nynorsk av Ine Nord og Kari Standal Pavelich og blir sungen på dialekt.

Billettar: https://operanordfjord.no/bill...

Credit:

Roald Dahl's

MATILDA

The Musical

Book Music & Lyrics

Dennis Kelly Tim MInchin

Presented by arrangement with Music Theatre International

Emner

Regions


Opera Nordfjord vart starta i 1998 etter idé frå Kari Standal Pavelich og ektemannen Michael Pavelich, som framleis er sentrale i administrasjon og kunstnarisk leiing. Distriktsoperaen har sidan starten hatt store årlege operaproduksjonar på Nordfjordeid, takka vere omfattande dugnadsinnsats av ca. 200 frivillige. I tillegg til hovudproduksjonen om hausten turnerer Opera Nordfjord med eit nytt konsertprogram kvar vår til konsertstader på nordvestlandet. Samarbeid med andre aktørar står sentralt i operaen sitt virke, Eid vidaregåande skule er fast samarbeidspart i produksjon av kulissar og rekvisittar kvar haust, og Musikklinjekoret ved Firda vidarergåande skule har jamnlege konsertsamarbeid om våren. I tillegg er det eit utstrakt samarbeid med andre distriktsoperaer og Den Norske Opera & Ballett gjennom samproduksjonar eller utleige/lån av delproduksjonar. Familieproduksjonen vart innført i 2013 med balletten Nøtteknekkaren. Sidan har både The Sound of Music og Du er god, du, Charlie Brown fått god mottaking av publikum. Fast spelestad er Operahuset Nordfjord på Nordfjordeid, og administrasjonen har kontorstad i ærverdige Gamlebanken i Eidsgata.

Kontakter

  • 2025_04_Matilda_1920x1080_5.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    4000 x 2250, 1.05 MB
    Last ned
  • 2025_04_Matilda_1920x1080_7.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    4000 x 2250, 1020 KB
    Last ned
  • 2025_04_Matilda_1920x1080_6.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    4000 x 2250, 983 KB
    Last ned