Pressemelding -
Meisterverk på turné i stort samarbeidsprosjekt
Meisterverk er tittelen på konsertturnéen Opera Nordfjord legg ut på i slutten av april, med konsertar i Operahuset Nordfjord fredag 24. april, Førdehuset laurdag 25. april og Parken Kulturhus søndag 26. april. Distriktsoperaen på Nordfjordeid har fått med seg Musikklinjekoret på Firda vidaregåande skule og Ålesund Operakor, og saman med eigne korsongarar vil prosjektkoret telle ca. 110 songarar.
Solistar er sopran Lydia Hoen Tjore frå Radøy og Cecilia Lund Tomter frå Oslo. Vi får høyre Lydia i Era desso il figlio mio frå Lucrezia Borgia av Donizetti og Cecilia i Amour viens aider mai faiblesse frå Samson and Dalilah av Camille Saint-Saëns og begge to i duett frå Rosenkavaleren av Richard Strauss. Heilt til slutt får vi oppleve både solistar, kor og orkester i sjølve hovudverket på konserten, som sjeldan blir framført på desse kantar: siste sats fra Mahler sin mektige 2. symfoni, «Oppstandelsessymfonien», der solistar, 110 korsongarar og eit utvida operaorkester på 53 musikarar når nye høgder i ein skjellsettande musikalsk finale ein seint vil gløyme.
Det er dirigent Michael Pavelich som har sett saman repertoaret for konserten, og han garanterer ei musikalsk oppleving av dei sjeldne. I tillegg til dei nemnde ariane og avslutningsverket får publikum oppleve både den staselege overtüren til Die Meistersinger av Wagner, korkantaten Singet dem Herrn av J. S. Bach og ei perle av eit korstykke, Tendre Amour av Rameau, som mildt og stille avsluttar første avdeling, før det brakar laust etter pause.
Dei tre kora ser fram til ein kjekk vår med innøving av vakker kormusikk ein ikke høyrer så ofte; det er ingen tvil om at både solistar, kor og orkester skal få glitre i tur og orden på konsertscenene på Nordfjordeid, i Førde og i Ålesund i slutten av april, forhåpentlegvis for fullsette salar!
Emner
Regions
Opera Nordfjord vart starta i 1998 etter idé frå Kari Standal Pavelich og ektemannen Michael Pavelich, som framleis er sentrale i administrasjon og kunstnarisk leiing. Distriktsoperaen har sidan starten hatt store årlege operaproduksjonar på Nordfjordeid, takka vere omfattande dugnadsinnsats av ca. 200 frivillige. I tillegg til hovudproduksjonen om hausten turnerer Opera Nordfjord med eit nytt konsertprogram kvar vår til konsertstader på nordvestlandet. Samarbeid med andre aktørar står sentralt i operaen sitt virke, Eid vidaregåande skule er fast samarbeidspart i produksjon av kulissar og rekvisittar kvar haust, og Musikklinjekoret ved Firda vidarergåande skule har jamnlege konsertsamarbeid om våren. I tillegg er det eit utstrakt samarbeid med andre distriktsoperaer og Den Norske Opera & Ballett gjennom samproduksjonar eller utleige/lån av delproduksjonar. Familieproduksjonen vart innført i 2013 med balletten Nøtteknekkaren. Sidan har både The Sound of Music og Du er god, du, Charlie Brown fått god mottaking av publikum. Fast spelestad er Operahuset Nordfjord på Nordfjordeid, og administrasjonen har kontorstad i ærverdige Gamlebanken i Eidsgata.