Gå videre til innhold
Frå premieren i Odense 22. mai. Frå venstre: Ingeborg Fangel Mo (Signe), Martin August Tornqvist (den unge David), Lene Hummelshöj (Lou) og Magnus Berg (den eldre Magnus)

Pressemelding -

Miljøoperaen BLÅ på turné i Sogn og Fjordane

Ein ny, nordisk kammeropera om klima og kjærleik!

Det er ikkje kvarsdagskost å lage opera i samarbeid med andre land, eller med klimafakultet og utanlandske master- og PhD-studentar. I 2025 skjer begge deler, når Opera Nordfjord i samarbeid med produksjonsselskapet SAUM i København og Høgskulen på Vestlandet ved masterprogrammet Climate Change Management legg krefter, evner og ressursar saman i eit spennande miljø- og kultursamarbeid utan sidestykke. Ved å kombinere undervisning på dei vidaregåande skulane med operakunst, norsk litteratur, forsking, vitskap og miljøkamp, kan store ting skje.

Skuleframsyningane vert etterfølgt av spennande debattar leia av internasjonale master- og PhD-studentar frå fleire land. Etter premieren i Odense i mai blir det noregspremiere 2. september i Operahuset Nordfjord, etterfølgt av ein skulekonsertturné til utvalde vidaregåande skular og kveldsforestillingar til øvrig publikum til og med 12. september. Turnéen omfattar dei vidaregåande skulane i Eid, Måløy, Stryn, Florø, Førde, Høyanger, Sogndal og Sandane.

Romanen BLÅ – Maja Lunde sin bestseljar - er omskriven til ei musikkdramatisk fortelling i notid og framtid, med lengsel, vreide, kjærleik og håp - for unge og vaksne.

Dramatikar og librettist Jesper B. Karlsen om historia:

BLÅ er ein fantastisk roman om VANN og om klimaforandringar. Den er plott-driven og spennande, nesten thriller-aktig og med gode dramatiske karakterar, som verkeleg vil noko, i ei historie, som akkurat no ikkje berre er aktuell, men som heng over oss som ei øks – nemleg klima-krisa.

Men der klima-krisa kan kjennast diffus og vanskeleg å gjere om til konkret, spennande dramatikk, så er BLÅ ei ganske så konkret historie med levande og lidande menneske, som brenn i kraft av sine konkrete forhold både til kvarandre og til det overorda. Vi har i årevis leita etter ei historie, som kunne nettop dét! Forholdsvis få karakterar, så plottet er akkurat så konsentrert, som det skal vere i ein opera eller eit stykke musikkdramatikk.

Dessutan kan BLÅ nesten gjennomførast med teateret sin eigenart, og den samme staden i begge tidene, for den foregår det meste av tida på ein båt, som på den måten blir eit fleirtydig og nyansert symbol på våre lengslar og kanskje vår redning.

Det er to spor i historia, to tider – 2017 og 2047 – ei dobbeltfortelling som er vakkert skildra om høvesvis tida opp til den lurande katastrofa og tida etter (om ca. 30 år).

BLÅ er ei fortelling full av paradoks, det finst ingen enkle, klare løysingar. Vi møter levande, kjempande menneske med ambivalens og ei djup lengt, som vi kjenner frå oss sjølve.

Signe sin kamp mellom kompromisslaus idealisme og den store einsemda og hardheita det har ført med seg, og den djupe lengta etter ubetinga kjærleik, omsorg og hengiving, den kan vi kjenne oss igjen i. Slik David sine famlande, avmektige skritt inn i eit altfor brutalt vaksenliv og foreldreskap.

LOU finst òg - barnet; gudskjelov for LOU! Med henne får håpet plass i vår fortelling – for håpe, det må og skal vi, særleg når vi lagar forestillingar for born og unge. Dei skal sleppe ei fortelling, der dei igjen skal ”frelse dei gamle idiotar ”– nei, håpet oppstår i møtet, der vi er saman i kamp og kjærleik!

Tida vi er i kallar på samarbeid, òg mellom kunsten og vitskapen.

Billettar til kveldsforestillingane finn du her: https://operanordfjord.no/prod...

KREDITERING

Kunstnarisk team:

Idé og utvikling: Ingeborg Fangel Mo
Librettist: Jesper B. Karlsen
Dramaturg: Oda Radoor
Komponist: Hugi Gudmundsson

Scenograf: Signe Krogh
Instruktør: Kasper Sejersen
Lysdesignar: Michael Breiner
Lysteknikk: Ovar Holmen
Lydteknikk: Stig Aron Kamonen

Medverkande på scena:

Signe: Ingeborg Fangel Mo
Magnus: Magnus Berg
David: Martin August Tornqvist
LOU: Dokke/ Lene Hummelshøj
Accordeon: Frode Andersen/ Kristian Skov Hansen
Klarinett: Anna Klett
Slagverk: Matias Seibæk

Produsentar:

Opera Nordfjord og Musikteatret SAUM

Samarbeidspartnarar:

Den fynske Opera, CPH operafestival, Teaterøen, Høgskulen på
Vestlandet, Vestland Fylkeskommune



Emner

Regions


Opera Nordfjord vart starta i 1998 etter idé frå Kari Standal Pavelich og ektemannen Michael Pavelich, som framleis er sentrale i administrasjon og kunstnarisk leiing. Distriktsoperaen har sidan starten hatt store årlege operaproduksjonar på Nordfjordeid, takka vere omfattande dugnadsinnsats av ca. 200 frivillige. I tillegg til hovudproduksjonen om hausten turnerer Opera Nordfjord med eit nytt konsertprogram kvar vår til konsertstader på nordvestlandet. Samarbeid med andre aktørar står sentralt i operaen sitt virke, Eid vidaregåande skule er fast samarbeidspart i produksjon av kulissar og rekvisittar kvar haust, og Musikklinjekoret ved Firda vidarergåande skule har jamnlege konsertsamarbeid om våren. I tillegg er det eit utstrakt samarbeid med andre distriktsoperaer og Den Norske Opera & Ballett gjennom samproduksjonar eller utleige/lån av delproduksjonar. Familieproduksjonen vart innført i 2013 med balletten Nøtteknekkaren. Sidan har både The Sound of Music og Du er god, du, Charlie Brown fått god mottaking av publikum. Fast spelestad er Operahuset Nordfjord på Nordfjordeid, og administrasjonen har kontorstad i ærverdige Gamlebanken i Eidsgata.

Kontakter