Pressemelding -
Opera Nordfjord avlyser turné til USA
Opera Nordfjord har sidan januar 2023 planlagt aktivt å reise til USA på turné med utvandrarmusikalen Soga om Sol av Øystein Wiik og Gisle Kverndokk, som hadde stor suksess hausten 2023 i Operahuset Nordfjord. Operaen har meldt seg inn i Utvandrarjubileet, Crossings 200 og alle i musikal-ensemblet, 37 i alt, har lenge gledd seg til å vise fram den vakre og rørande musikalen til nye vener i USA. Turnéprogrammet omfatta Sjømannskirken, Scandinavia House og offentleg markering på South Street Museum i regi av Det norske konsulatet, alle i New York, og framføringar i Norway House i Minneapolis, Gustavus Adolphus College i St. Peter og The Minnesota History Center i St. Paul. Programmet var lagt og kontakter oppretta på kvar spelestad. Etter å ha undersøkt i månadsvis, fann operaen ut av visum-situasjonen og var no akkurat i gong med sjølve visumsøknadsprosessen. Musikalen var jamvel ferdig omsett til engelsk av Øystein Wiik, klar for den amerikanske marknaden.
Dei siste vekene har situasjonen i USA utvikla seg i svært negativ retning, der ein dagleg høyrer om reisande som har blitt haldne igjen eller fengsla i passkontrollen. Situasjonen har virka uoversiktleg og usikker, og både administrasjon og styre i Opera Nordfjord har med auka uro vurdert sikkerheit og tryggleik for dei reisande opp mot eit sterkt ønskje om kulturutveksling under feiringa av Utvandrarjubiléet. Eit samla styre, i forståing med administrasjonen, har gjort eit samrøystes vedtak om å avlyse USA-turnéen.
«Det er vemodig å avlyse ein turne ein veit ville vekke stor begeistring, glede og gjenkjenning i dei norsk-amerikanske miljøa, og det ville blitt ei stor oppleving for livet for alle reisande. Omsynet til sikkerheit og tryggleik for alle Opera Nordfjord sine medverkande er likevel det aller viktigaste. Så lenge ein høyrer om uskuldige menneske som har blitt fengsla under passkontrollen, er det ikkje aktuelt å utsette operaen sine medarbeidarar for liknande fare. Når ein i tillegg har blitt rådd til frå både norske og amerikanske styresmakter å tone ned fokuset på migrasjon i dag for å tekkast den nye administrasjonen, er det uaktuelt å reise», seier operasjef Kari Standal Pavelich.
Crossings 200 seier stolt på sine heimesider:
"Utvandring og innvandring foregår fortsatt. Der nordmenn før utvandret til Amerika og andre steder på jakt etter et bedre liv, er det nå andre som innvandrer til Norge for å finne frihet, trygghet og nye muligheter her.
Gjennom hele året vil en rekke arrangementer og prosjekter sette søkelys på migrasjon før og nå. Årets hovedtema migrasjon omfatter både den historiske utvandringen fra Norge, og dagens innvandring til Norge".
Å skulle svikte ein så viktig del av bodskapen i Utvandrarjubiléet ville vere direkte umoralsk for Opera Nordfjord, som ønskjer å stå opp for og støtte dei svake og sårbare i samfunnet, slik musikalen Soga om Sol er ein levande ambassadør for mangfald, inkludering og likestilling, i dag fyord for den nye, amerikanske administrasjonen.
Opera Nordfjord ser no fram til å heller nytte sparte midlar frå avlyst reise til å sikre ein strålande reprise i Operahuset Nordfjord 1. oktober og kanskje ein alternativ turné i vårt trygge heimland.
Emner
Regions
Opera Nordfjord vart starta i 1998 etter idé frå Kari Standal Pavelich og ektemannen Michael Pavelich, som framleis er sentrale i administrasjon og kunstnarisk leiing. Distriktsoperaen har sidan starten hatt store årlege operaproduksjonar på Nordfjordeid, takka vere omfattande dugnadsinnsats av ca. 200 frivillige. I tillegg til hovudproduksjonen om hausten turnerer Opera Nordfjord med eit nytt konsertprogram kvar vår til konsertstader på nordvestlandet. Samarbeid med andre aktørar står sentralt i operaen sitt virke, Eid vidaregåande skule er fast samarbeidspart i produksjon av kulissar og rekvisittar kvar haust, og Musikklinjekoret ved Firda vidarergåande skule har jamnlege konsertsamarbeid om våren. I tillegg er det eit utstrakt samarbeid med andre distriktsoperaer og Den Norske Opera & Ballett gjennom samproduksjonar eller utleige/lån av delproduksjonar. Familieproduksjonen vart innført i 2013 med balletten Nøtteknekkaren. Sidan har både The Sound of Music og Du er god, du, Charlie Brown fått god mottaking av publikum. Fast spelestad er Operahuset Nordfjord på Nordfjordeid, og administrasjonen har kontorstad i ærverdige Gamlebanken i Eidsgata.