Pressemelding -
OperaKysten med lystig kammeropera i Operahuset Nordfjord
OperaKysten markerer sitt 10årsjubileum med ei gjenoppsetting av kammeroperaen Der Scahuspieldirektor, eller Teaterdirektøren av Wolfgang Amadeus Mozart, og Opera Nordfjord er stolt samarbeidspart, når operakollegaer frå kysten inntek operascena med vakre tonar og muntert skodespel. I Mozart sin lystige komedie Teaterdirektøren får publikum ein liten, latterleg, men absolutt realistisk smakebit på korleis ein heilt vanleg dag på jobben kan vere for ein teaterdirektør!
I 10 år har OperaKysten laga opera av, med og for kystfolket i Florø og Sogn og Fjordane. Bli med på jubileet og feiringa når dei “rykker attende til start” og set opp Teaterdirektøren av Mozart, akkurat som dei gjorde i 2016. Den gong var kinosalen i Florø utselt ei veke før premiere, så denne gongen er det sett opp forestillingar både på Nordfjordeid og i Sogndal i tillegg.
Frå scena vert publikum introdusert for den unge, lovande sopranen Frk. Songstad (Renate Ekerhovd), den tilårskomne divaen Madame Borchgrevinch (Nora Oleanne Sårheim), den entusiastiske assistenten (Eivind Kandal) og Teaterdirektøren sjølv (Per Øyvind Helle). Denne vesle komedien om dramaet som kan utspele seg bak scena på eit teater er kyndig iscenesett av regissør Lars Harald Maagerø og støtta og akkompagnert av Lina Braaten ved flygelet og lyssett av Matias Askvik. Heile forestillinga framførast på nynorsk, gjendikta av OperaKysten sin eigen kunstnariske leiar, Nora Oleanne Sårheim.
Vi gler oss til å feire OperaKysten sine 10 fyrste åra med opera i distriktet vårt, og vonar at denne forestillinga gjev meirsmak på både 10 og 20 nye år!
Medverkande:
Frk Songstad, den unge, ambisiøse sopranen: Renate Ekerhovd
Madame Borchgrevinch, den aldrande divaen: Nora Oleanne Sårheim
Den entusiastiske og syngande assistenten: Eivind Kandal
Teaterdirektøren: Per Øyvind Helle
Ved flygelet: Lina Braaten
Regi: Lars Harald Maagerø
Lys: Matias Askvik
Billettar: https://checkout.ebillett.no/1...
Emner
Regions
Opera Nordfjord vart starta i 1998 etter idé frå Kari Standal Pavelich og ektemannen Michael Pavelich, som framleis er sentrale i administrasjon og kunstnarisk leiing. Distriktsoperaen har sidan starten hatt store årlege operaproduksjonar på Nordfjordeid, takka vere omfattande dugnadsinnsats av ca. 200 frivillige. I tillegg til hovudproduksjonen om hausten turnerer Opera Nordfjord med eit nytt konsertprogram kvar vår til konsertstader på nordvestlandet. Samarbeid med andre aktørar står sentralt i operaen sitt virke, Eid vidaregåande skule er fast samarbeidspart i produksjon av kulissar og rekvisittar kvar haust, og Musikklinjekoret ved Firda vidarergåande skule har jamnlege konsertsamarbeid om våren. I tillegg er det eit utstrakt samarbeid med andre distriktsoperaer og Den Norske Opera & Ballett gjennom samproduksjonar eller utleige/lån av delproduksjonar. Familieproduksjonen vart innført i 2013 med balletten Nøtteknekkaren. Sidan har både The Sound of Music og Du er god, du, Charlie Brown fått god mottaking av publikum. Fast spelestad er Operahuset Nordfjord på Nordfjordeid, og administrasjonen har kontorstad i ærverdige Gamlebanken i Eidsgata.