Gå videre til innhold
Operasolistane Lilly Jørstad, Cleo Lee-McGowan , Cecilia Lund Tomter, Magnus Dorholt Kjeldal, Trond Gudevold og flamencodansar Gabriel Aragú González i Gymmen 6 oktober

Pressemelding —

Operapub med Carmen-solistar og Flamencodans i Gymmen

Sidan Opera Nordfjord er så heldig å ha både eit flott solistlag med strålande dyktige operasongarar og besøk av ein av Spanias aller beste Flamencodansarar, har vi slått nokre av desse kunstnariske kreftene saman og innbyr til Operapub med Flamencodans i Gymmen Scene tysdag 6. oktober. Operahuset Nordfjord og Malakoff Rock Festival er gode samarbeidspartar og medarrangørar.

Frå solistane i Carmen møter vi Lilly Jørstad, Cleo Lee-McGowan, Cecilia Lund Tomter, Magnus Dorholt Kjeldal, Trond Gudevold, og Simen Bredesen. Dei byr på eit spennande og publikumsvennleg konsertrepertoar denne kvelden, med kjende operasvisker vi aldri får nok av! Vi har henta tilbake vår eminente repetitør Brandt Fredriksen frå Bergen, som skal akkompagnere songarane.

Vi garanterer ei heilt spesiell oppleving når Flamenco-dansar Gabriel Aragú Gonzáles i ei eiga avdeling innvier sitt publikum i Flamenco-kunsten. Gabriel er på Nordfjordeid for aller første gong, og sjølv om det er langt frå Flamencomiljøet i Sevilla, der han bur til dagleg, til Nordfjord, skal vi nok kjenne ein vesentleg auke i pulsen og kraftige rykk i dansefoten, når tonar og dansetrinn tek oss med inn i ei ny verd av spansk lidenskap.

Som tittelen innbyr til, vert det òg open bar før og etter konsert-avdelinga, og vi vonar at mange finn vegen til Gymmen Scene til ein kjekk tysdagskveld heilt utanom det vanlege!

Emner

Regions


Opera Nordfjord vart starta i 1998 etter idé frå Kari Standal Pavelich og ektemannen Michael Pavelich, som framleis er sentrale i administrasjon og kunstnarisk leiing. Distriktsoperaen har sidan starten hatt store årlege operaproduksjonar på Nordfjordeid, takka vere omfattande dugnadsinnsats av ca. 200 frivillige. I tillegg til hovudproduksjonen om hausten turnerer Opera Nordfjord med eit nytt konsertprogram kvar vår til konsertstader på nordvestlandet. Samarbeid med andre aktørar står sentralt i operaen sitt virke, Eid vidaregåande skule er fast samarbeidspart i produksjon av kulissar og rekvisittar kvar haust, og Musikklinjekoret ved Firda vidarergåande skule har jamnlege konsertsamarbeid om våren. I tillegg er det eit utstrakt samarbeid med andre distriktsoperaer og Den Norske Opera & Ballett gjennom samproduksjonar eller utleige/lån av delproduksjonar. Familieproduksjonen vart innført i 2013 med balletten Nøtteknekkaren. Sidan har både The Sound of Music og Du er god, du, Charlie Brown fått god mottaking av publikum. Fast spelestad er Operahuset Nordfjord på Nordfjordeid, og administrasjonen har kontorstad i ærverdige Gamlebanken i Eidsgata.

Kontakter

  • 2026_10_CARMEN_Kollasj_Operapub_1920x1080.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1920 x 1080, 1.67 MB
    Last ned