Gå videre til innhold
Opera Nordfjord inviterer til konsert til inntekt for Leger uten grenser i Eid Kyrkje

Pressemelding -

Romjulskonsert i Eid Kyrkje for Leger uten grenser

Opera Nordfjord inviterer igjen til støttekonsert i Eid Kyrkje i romjula til inntekt for Leger uten grenser. Profesjonelle artistar og unge lokale talent stiller opp med eit variert program med både vokal- og instrumentalinnslag og vonar at lokalbefolkninga møter opp og støttar ei god sak.

Leger uten grenser er ein nøytral og uavhengig medisinsk nødhjelpsorganisasjon som utfører livsviktig og livreddande arbeid i store delar av verda, både i dei openberre krigssonene og i dei gløymde krisene – uansett kven, uansett kvar, uansett kvifor.

På konserten deltek Espen Langvik, Eivind Kandal, Martha Standal Pavelich, Olga Pavlova, Kari Standal Pavelich, Tuva og Nora Nyhammer-Taklo og tidlegare elevar frå Stad Kulturskule. Av repertoar får ein mellom anna høyre O Helga natt, Den fåfengde draumen frå Mannen frå La Mancha, Nordnorsk julesalme, Tema frå Gabriels Obo, Both Sides Now, Ave Maria av Schubert, Julenatt frå Soga om Sol med fleire.

Det er fri inngang, så om ein berre ønskjer ein vakker, gratis konsert i romjula, er ein velkomen til det. Om ein ønskjer å gi ei gåve til det viktige arbeidet til Leger uten grenser, vert det kollekt ved utgangen eller på Vipps. Konserten vert arrangert i samarbeid med Eid Sokneråd, som stiller kyrkja gratis til disposisjon.

Velkomen til ei vakker konsertstund i Eid Kyrkje søndag 28. desember kl. 18.00.


Emner

Regions


Opera Nordfjord vart starta i 1998 etter idé frå Kari Standal Pavelich og ektemannen Michael Pavelich, som framleis er sentrale i administrasjon og kunstnarisk leiing. Distriktsoperaen har sidan starten hatt store årlege operaproduksjonar på Nordfjordeid, takka vere omfattande dugnadsinnsats av ca. 200 frivillige. I tillegg til hovudproduksjonen om hausten turnerer Opera Nordfjord med eit nytt konsertprogram kvar vår til konsertstader på nordvestlandet. Samarbeid med andre aktørar står sentralt i operaen sitt virke, Eid vidaregåande skule er fast samarbeidspart i produksjon av kulissar og rekvisittar kvar haust, og Musikklinjekoret ved Firda vidarergåande skule har jamnlege konsertsamarbeid om våren. I tillegg er det eit utstrakt samarbeid med andre distriktsoperaer og Den Norske Opera & Ballett gjennom samproduksjonar eller utleige/lån av delproduksjonar. Familieproduksjonen vart innført i 2013 med balletten Nøtteknekkaren. Sidan har både The Sound of Music og Du er god, du, Charlie Brown fått god mottaking av publikum. Fast spelestad er Operahuset Nordfjord på Nordfjordeid, og administrasjonen har kontorstad i ærverdige Gamlebanken i Eidsgata.

Kontakter