Gå videre til innhold

Kategorier: crossings 200

  • I hovudrollene møter vi Ole Morten Velde som Emil Spelemann, Nora Aurdal som Sol Siljegard og Simon Standal Pavelich som Danny Gold

    Soga om Sol klar for Vestlandsturné i oktober

    Opera Nordfjord er klar for Vestlandsturné med musikalen Soga om Sol til Nordfjordeid, Stord, Os, Fana og Åsane i perioden 1. -11. oktober. 36 sceneaktørar, musikarar og kunstnarisk og teknisk personell set seg på turnébussen 6. oktober for å feire både utvandring og innvandring gjennom ei rørande historie om oppbrot, eventyrlyst, heimlengt, sorg, kjærleik og håpet om eit nytt liv i Amerika.