Gå videre til innhold
Hans Antonsen ser fram til å tiltre stillinga som direktør ved Det Norske Teatret. Foto: Kilden Teater og Konserthus
Hans Antonsen ser fram til å tiltre stillinga som direktør ved Det Norske Teatret. Foto: Kilden Teater og Konserthus

Pressemelding -

Hans Antonsen er ny direktør ved Det Norske Teatret

Det Norske Teatret har i dag tilsett Hans Antonsen som ny direktør.

Antonsen kjem frå stillinga som administrerande direktør ved Kilden Teater og Konserthus i Kristiansand. Han er styreleiar i Norsk teater- og orkesterforening, og tidlegare politikar for Venstre. Han har i sitt politiske liv mellom anna vore ordførar i Grimstad og statssekretær i Bondevik-regjeringa.

- Eg har komme fram til at teater er noko av det verkeleg viktige i eit moderne samfunn. Det Norske Teatret er eit teater eg lenge har sett opp til, og det har dessutan eit opphav og ein visjon som eg fullt ut identifiserer meg med, seier den påtroppande direktøren. Antonsen kjem opphaveleg frå Møre og Romsdal, og har nynorsk som sitt språk. Han vil tiltre stillinga til våren.

Styreleiar Nina Refseth er svært nøgd med tilsetjinga: - Vi er visse på at vi i Hans Antonsen får ein dyktig, engasjert og strategisk klok direktør, og ser fram til samarbeidet, seier ho.Antonsen tek over etter Åse Ryvarden, som i september gjekk til Aschehoug Forlag.

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge