Pressemelding -

Arbeidskonfliktar, 2009 Få arbeidskonfliktar

I 2009 var det to arbeidskonfliktar der det gjekk tapt 180 arbeidsdagar. Dette var eit år med mellomoppgjer, der tariffavtalar inngått ved hovudoppgjeret i 2008 vart reviderte. Til samanlikning var det fire konfliktar ved førre mellomoppgjer i 2007, med 4 000 tapte arbeidsdagar.

Det er hovudoppgjer annakvart år, noko som for dei fleste tariffområda vil seie at det vert inngått toårige tariffavtalar. Dette forklarer endringane i talet på arbeidskonfliktar frå år til år. Ved hovudoppgjeret i 2008 var det ti arbeidskonfliktar med tap av til saman 62 500 arbeidsdagar.

Om statistikkgrunnlaget

Statistikken omfattar arbeidskonfliktar både i form av streik og lockout som varar minst ein dag.

Oppgåvene vert innhenta frå arbeidsgjevar- og arbeidstakarorganisasjonane.


http://www.ssb.no/arbkonfl/

Emner

  • Undersøkelser, rapporter

Kontakter

Har du spørsmål om statistikk?

Pressekontakt