Pressemelding -
Arbeidskraftundersøkinga. Sesongjusterte månadsvise tal, februar 2010
Auke i arbeidsløysa
[Figur: Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders
glidande gjennomsnitt. 1999-2010. 1 000]
[Figur: Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal, tremånaders glidande
gjennomsnitt. 1999-2010. Prosent]
Dei arbeidslause utgjorde i februar 3,5 prosent av arbeidsstyrken. Dette er
opp 0,2 prosentpoeng frå november. Sysselsetjinga held seg stabil.
Den sesongjusterte arbeidsløysa auka med 5 000 personar frå november
(gjennomsnitt for oktober-desember) til februar (gjennomsnitt for
januar-mars), viser arbeidskraftundersøkinga (AKU). Det var størst auke
blant personar mellom 25 og 74 år.
Til samanlikning auka talet på registrerte arbeidslause hos NAV med om lag
1 000 personar i same perioden. På grunn av ein nedgang for personar på
arbeidsmarknadstiltak var den samla auken for registrerte ledige og
personar på arbeidsmarknadstiltak på under 1 000 personar. Også desse tala
er justerte for sesongvariasjonar.
Arbeidsløysa for desember (gjennomsnitt for november-januar) og januar
(gjennomsnittet for desember-februar) er begge blitt reviderte opp 0,1
prosentpoeng, frå 3,3 til 3,4 prosent.
[Figur: Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders
glidande gjennomsnitt. 1999-2010. 1 000]
[Figur: Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte
arbeidslause pluss arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders
glidande gjennomsnitt. 1997-2010. 1 000]
Stabil sysselsetjing
Det var berre små endringar i sysselsetjinga mellom november 2009 og
februar 2010. Dei sesongjusterte tala viser ein auke på 4 000 personar.
Dette ligg innanfor feilmarginen i AKU.
Arbeidsstyrken er summen av arbeidslause og sysselsette mellom 16 og 74
år. Mellom november og februar ser vi ein oppgang i sysselsetjinga på
4 000, mens vi har ein oppgang i talet på arbeidslause på 5 000. Dette gir
ein netto oppgang i arbeidsstyrken på 9 000.
Samanheng mellom omgrepa
Arbeidslause + sysselsette = arbeidsstyrken
Arbeidsstyrken + utanfor arbeidsstyrken = befolkninga
Framleis auke i Europa
I februar utgjorde dei arbeidslause 9,5 prosent av arbeidsstyrken i EU-15,
opp 0,1 prosentpoeng frå november. I Sverige steig arbeidsløysa med 0,3
prosentpoeng, til 9,0 prosent av arbeidsstyrken. Også Danmark såg ein auke
på 0,3 prosentpoeng frå november til februar og kom dermed opp i 7,5
prosent. USA viser for andre månaden på rad nedgang i arbeidsløysa, 9,7
prosent av arbeidsstyrken var heilt ledig i februar. Dette er ein nedgang
på 0,3 prosentpoeng frå november. Alle dei internasjonale tala er
sesongjusterte og henta frå Eurostat.
[Figur: Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land. 2004-2010. I prosent av
arbeidsstyrken ]
Sysselsetjing og arbeidsløyse berre blant busette
AKU dekkjer berre dei som i folkeregisteret er registrerte som busette.
Personar som til dømes arbeider i Noreg utan å vere busette her, eller som
reknar med å vere busette mindre enn seks månader, er difor ikkje med i
talet på sysselsette i AKU. Om desse mister arbeidet, vil det ikkje gi fall
i sysselsetjinga eller auke i arbeidsløysa. I nasjonalrekneskapstala (NR)
vert sysselsette som ikkje er busette, rekna med i talet på sysselsette så
lenge dei arbeider ved ei verksemd i Noreg. Går sysselsetjinga ned i denne
gruppa, slår difor dette ut som reduksjon i talet på sysselsette i NR. SSB
gir ut ein eigen statistikk ein gong i året for alle dei som ikkje er
registrerte som busette. Sjå Sysselsette og arbeidslause på
korttidsopphald.
Statistisk uvisse og tolking av sesongjusterte tal
Føremålet med sesongjusteringa er å beskrive utviklinga gjennom året,
reinse for sesongsvingingar. For å redusere den statistiske uvissa er dei
publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte
tala. Til dømes er talet for august gjennomsnittet av overslaga for juli,
august og september. Uvisse i samband med utvalet fører likevel til at ein
må ta omsyn til feilmarginar når ein tolkar tala i AKU. Vanlegvis
samanliknar vi dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane. Ein
oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU finst i Om statistikken,
punkt 5.3.
Kvartalsvise AKU-tal utan sesongjustering blir omtala i ei eiga
publisering.
Revisjon
For kvar ny månad blir heile tidsserien laga på nytt, og tala frå
tidlegare månader blir i blant endra noko. Sjå Revisjonsrutinar for meir
informasjon om dette.
http://www.ssb.no/akumnd/
Emner
- Arbeidsliv