Pressemelding -

Arbeidskraftundersøkinga. Sesongjusterte månadsvise tal, mars 2010

Stabil arbeidsmarknad

Arbeidsmarknaden heldt seg stabil frå desember 2009 til mars 2010. I mars utgjorde arbeidsløysa 3,5 prosent av arbeidsstyrken.

[Figur: Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land. 2004-2010. I prosent av arbeidsstyrken ]

[Figur: Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause pluss arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1997-2010. 1 000]

Den sesongjusterte arbeidsløysa auka med 4 000 personar, eller 0,1 prosentpoeng, frå desember (gjennomsnitt november-januar) til mars (gjennomsnitt februar-april), viser tal frå arbeidskraftundersøkinga (AKU). Auken er innanfor feilmarginen i AKU.

Til samanlikning auka talet på registrerte arbeidslause hos NAV med om lag 3 000 personar i same perioden. Også desse tala er justerte for sesongvariasjonar.

Små endringar i sysselsetjinga

Det var berre små endringar i sysselsetjinga mellom desember 2009 og mars 2010. Dei sesongjusterte tala viser ein nedgang på 2 000 personar. Dette ligg innanfor feilmarginen i AKU.

Arbeidsstyrken er summen av arbeidslause og sysselsette mellom 16 og 74 år. Mellom desember og mars ser vi ein nedgang i sysselsetjinga på 2 000, mens vi har ein oppgang i talet på arbeidslause på 4 000. Dette gir ein netto oppgang i arbeidsstyrken på 2 000.

Samanheng mellom omgrepa

arbeidslause + sysselsette= arbeidstyrken

arbeidsstyrken + utanfor arbeidsstyrken = befolkninga

[Figur: Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2010. 1 000]

[Figur: Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2010. 1 000]

Aukande arbeidsløyse i Europa

I mars utgjorde dei arbeidslause 9,6 prosent av arbeidsstyrken i EU-15, opp 0,2 prosentpoeng frå desember. I same perioden hadde Frankrike ein auke frå 9,8 til 10.1 prosent. I USA gjekk arbeidsløysa ned med 0,3 prosentpoeng frå desember 2009 til mars 2010, til 9,7 prosent. Alle dei internasjonale tala er sesongjusterte og henta frå Eurostat.

Sysselsetjing og arbeidsløyse berre blant busette

AKU dekkjer berre dei som er registrerte som busette i folkeregisteret. Personar som til dømes arbeider i Noreg utan å vere busette her, eller som reknar med å vere busette mindre enn seks månader, er difor ikkje med i talet på sysselsette i AKU. Om desse mister arbeidet, vil det ikkje gi fall i sysselsetjinga eller auke i arbeidsløysa. I nasjonalrekneskapstala (NR) vert sysselsette som ikkje er busette, rekna med i talet på sysselsette så lenge dei arbeider ved ei verksemd i Noreg. Går sysselsetjinga ned i denne gruppa, slår difor dette ut som reduksjon i talet på sysselsette i NR. SSB gir ut ein eigen statistikk ein gong i året for alle dei som ikkje er registrerte som busette. Sjå Sysselsette og arbeidslause på korttidsopphald.

[Figur: Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2010. Prosent]

Statistisk uvisse og tolking av sesongjusterte tal

Føremålet med sesongjusteringa er å beskrive utviklinga gjennom året, reinse for sesongsvingingar. For å redusere den statistiske uvissa er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for august gjennomsnittet av overslaga for juli, august og september. Uvisse i samband med utvalet fører likevel til at ein
må ta omsyn til feilmarginar når ein tolkar tala i AKU. Vanlegvis samanliknar vi dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane. Ein oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU finst i "Om statistikken", punkt 5.3.

Kvartalsvise AKU-tal utan sesongjustering blir omtala i ein eigen publisering.

Revisjon

For kvar ny månad blir heile tidsserien laga på nytt, og tala frå tidlegare månader blir i blant endra noko. Sjå Revisjonsrutinar for meir informasjon om dette.


http://www.ssb.no/akumnd/

 

 

Emner

  • Arbeidsliv

Kontakter

Har du spørsmål om statistikk?

Pressekontakt