Pressemelding -

Befolkningsstatistikk. Folkemengd 1.april 2010 og endringane i 1. kvartal 2010

Det høgaste fødselsoverskotet på 36 år

I 1. kvartal 2010 voks folketalet med 15 000, og 1. april var det
registrert vel 4 873 000 busette i Noreg. Folkeveksten i 1. kvartal var
2 100 høgare enn på same tid førre året. Forklaringa er dels høgare
fødselsoverskot og dels at fleire innvandra enn i noko tidlegare
startkvartal.

Innflyttingsoverskotet frå utlandet på 10 900 stod for tre firedelar av
folkeveksten. Det vart registrert 19 100 flyttingar til Noreg frå utlandet
i 1. kvartal, 2 500 fleire enn året før. Dette er det høgaste talet som
nokosinne er registrert i 1. kvartal. 8 200 flyttingar frå Noreg var 1 250
fleire enn førre året, og dette er òg eit rekordtal. Nettoinnvandringa frå
utlandet på 10 900 var den nest høgaste ein har sett i 1. kvartal. Berre i
2008 var talet høgare. Til samanlikning varierte talet i perioden 1990-2007
frå 100 til 7 500.

Talet på fødde - 15 000 - var 150 høgare enn året før, og ikkje sidan år
2000 har fleire kome til verda i 1. kvartal. Talet på døde var 10 900,
heile 650 lågare enn året før. Med unntak av 2006 er dette det lågaste
talet for 1. kvartal på 26 år. Fødselsoverskotet på 4 100 - som var 800
høgare enn i fjor - er det høgaste 1. kvartalstalet som er registrert sidan
1974.

[Figur: Fødselsoverskot, nettoinnflytting og folketilvekst. 1. kvartal.
1983-2010]

Stadig fleire baltarar

For ein del av statsborgarskapa var det små endringar i innvandringstala.
Såleis er det framleis flest polakkar som kjem, men nokre grupper skilde
seg likevel ut, og vert omtala her.

Det kom 2 500 svenskar til Noreg i 1. kvartal. Dette er 850, eller 50
prosent, fleire enn på same tid i fjor. 900 svenskar flytta ut, og det gav
ei nettoinnvandring på 1 600, mot 950 førre året. Det kom 1 800 litauiske
statsborgarar til Noreg, dobbelt så mange som i same tidsrommet i fjor.
Berre 300 litauarar flytta ut. Det gav ei nettoinnvandring på 1 500, mot
berre 600 førre året.

Latviske statsborgarar var den fjerde største gruppa med nettoinnvandring i
år og er for fyrste gong inne på lista over dei landa som dei fleste
innvandrarane kjem frå.

Den islandske innvandringa har òg vakse, frå 250 dei tre første månadene i
fjor til 400 hittil i år. Når det gjeld statsborgarar frå land der flukt er
ei viktig utvandringsårsak, varierte utviklinga sterkt frå land til land.
Såleis hadde Somalia ei dobling i nettoinnvandringa, frå 200 i 1. kvartal i
fjor til 400 i år, medan Irak hadde ei halvering, frå 300 i perioden
januar-mars i fjor til 150 i dei same månadene i år.

[Figur: Innvandring, utvandring og nettoinnvandring, etter statsborgarskap.
1. kvartal 2010]

Folketalet voks i alle fylka unnateke Nord-Trøndelag

Fire fylke skilde seg ut med stor folkevekst i 1. kvartal. I Oslo og
Akershus voks folketalet med til saman 5 300. Vestlandsfylka Rogaland og
Hordaland hadde samla ein auke på 4 400. Desse fire fylka stod for 65
prosent av folkeveksten i landet, som dei òg gjorde førre året. Hedmark
hadde minste folkeveksten med 60. Berre i Nord-Trøndelag gjekk folketalet
ned, med 200.Denne nedgangen heng saman med utregistrering av polske
statsborgarar frå Verran kommune, som hadde ei registrert utvandring på 200
personar

Størst fødselsoverskot i Oslo

Oslo stod nok ein gong i ei klasse for seg når det gjeld fødselsoverskot.
Fødselsoverskotet for 1. kvartal, som i hovudstaden har lege på 1 300, stod
for mest ein tredel av det samla fødselsoverskotet i landet. Men sett i
høve til folketalet var fødselsoverskotet i Rogaland - 800 - mest like
stort. Innlandsfylka Hedmark og Oppland, saman med Telemark og
Nord-Trøndelag, hadde eit fødselsunderskot. I Hedmark var det likevel færre
som døydde i 1. kvartal i år, slik at fødselsunderskotet berre var helvta
så stort som i fjor. Noko liknande såg ein i Vestfold, slik at eit
fødselsunderskot der i dei tre fyrste månadene i fjor vart til eit overskot
i 1. kvartal i år.

Størst innanlandsk flyttetap nok ein gong i Nordland

Sju fylke hadde flyttevinst i 1. kvartal sett i høve til andre fylke.
Fremst låg Akershus og Østfold med høvesvis 600 og 300. Tolv fylke hadde
flyttetap til andre fylke, Nordland størst med 250. Sett i høve til
folketalet hadde Finnmark det største innanlandske flyttetapet, fylgd av
Sogn og Fjordane.

Flyttevinst frå utlandet i alle landsdelane

18 av fylka hadde - som vanleg dei seinare åra - ein flyttevinst frå
utlandet. Einaste fylke som ikkje hadde det, var Nord-Trøndelag, men det
heng saman med Verran kommune, som er nemnd tidlegare. Både i Oslo/Akershus
samla og i Rogaland/Hordaland samla var flyttevinsten tett oppunder 3 000.
I høve til folketalet hadde Rogaland og Finnmark det største overskotet.
Flyttevinsten frå utlandet på i alt 10 900 vog mykje opp for
fødselsunderskot og for innanlandske flyttetap i mange av fylka.

[Figur: Nettoinnflytting. Innanlandsk og frå utlandet i prosent av
folkemengda. 1. kvartal 2010]

Folketalet voks i 268 kommunar

Folketalet voks i 268 av dei 430 kommunane i landet i 1. kvartal, medan det
gjekk ned i 146 kommunar. I 16 kommunar var folketalet uendra. Sett ein
bort frå dei fire største byane, hadde Sandnes, sør for Stavanger, den
største veksten i folketalet, med 500 personar. Sett i høve til folketalet
var det likevel i Sande i Møre og Romsdal at folketalet voks mest. Verran,
som er nemnd fleire gonger, hadde eit folketap på 250. Største tapet av dei
andre kommunane hadde nordlandskommunen Vefsn med 53. Men i høve til
folketalet var det Rømskog i Østfold som hadde det største tapet.

Fødselsoverskot i mange Rogalands- og Hordalandskommunar

I alt 215 av kommunane hadde eit fødselsoverskot, medan 182 hadde eit
underskot. Størst overskot i høve til folketalet hadde Fedje i Hordaland.
Helvta av dei 30 kommunane med det største fødselsoverskotet i høve til
folketalet ligg i Rogaland og Hordaland. Største fødselsunderskotet, 20
færre fødde enn døde, hadde Eidskog i Hedmark og Notodden i Telemark.
Største fødselsunderskotet i høve til folketalet hadde Roan i
Sør-Trøndelag, der ingen registreringar om fødde er mottekne i 1. kvartal,
medan det var 15 som døydde.

[Tabell: Dei ti kommunane med størst og minst flyttevinst ]

[Tabell: Dei ti kommunane med størst og minst fødselsoverskot og
folketilvekst]

Meir om polakkane i Verran

Det kan ha vore feilregistreringar i talet på busette i 1724 Verran
kommune. Det er dermed uvisst om dei - framfor alt polske - statsborgarane
som særleg frå 2007 har vore registrerte som busette i kommunen, i røynda
har heldt til der. Tala som no vert publiserte, tyder på at desse no er
registrerte som flytta ut frå kommunen, dei fleste til utlandet, men nokre
òg til andre stader i Noreg.


http://www.ssb.no/folkendrkv/

Emner

  • Undersøkelser, rapporter

Kontakter

Har du spørsmål om statistikk?

Pressekontakt