Pressemelding -

Byggjekostnadsindeks for bustader, april 2010

Byggjekostnadene opp 0,5 prosent

[Figur: Byggjekostnadsindeks for bustader. Prosentvis endring frå same
månaden året før]

[Figur: Byggjekostnadsindeks for bustader. Materialindeksar for trelast,
betong og armeringsstål. 2005=100]

Byggjekostnadene for bustader gjekk opp med 0,5 prosent frå mars til april
i år. Materialkostnadene auka med 1,0 prosent i den same perioden.

Kostnadene for bygging av einebustader av tre og bustadblokker steig med
høvesvis 0,5 og 0,4 prosent frå mars til april 2010. Materialkostnadene
auka med respektive 1,0 og 0,7 prosent.

Frå april i fjor til april i år auka kostnadene for einebustader av tre med
3,5 prosent, medan kostnadene for bustadblokker steig med 3,0 prosent.
Materialkostnadene steig med høvesvis 3,8 og 2,5 prosent i den same
perioden.

[Tabell: Byggjekostnadsindeks for bustader. 2000=100]


http://www.ssb.no/bkibol/

Emner

  • Undersøkelser, rapporter

Kontakter

Har du spørsmål om statistikk?

Pressekontakt