Pressemelding -
Byggjekostnadsindeks for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg, april 2010
Stabile røyrleggjarkostnader
Byggjekostnadene for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg steig
med 0,1 prosent frå mars til april i år. Materialkostnadene held seg uendra
i den same perioden.
[Figur: Byggjekostnadsindeks for røyrleggjararbeid i kontor- og
forretningsbygg. 2000=100]
Frå april i fjor til april i år auka byggjekostnadene for røyrleggjararbeid
i kontor- og forretningsbygg med 1,8 prosent. Kostnadene for
sanitærinstallasjonar steig med 3,3 prosent, mens prisane på
varmeinstallasjonar auka med 0,1 prosent.
[Tabell: Byggjekostnadsindeks for røyrleggjararbeid i kontor- og
forretningsbygg. 2000=100 ]
http://www.ssb.no/bkiror/
Emner
- Undersøkelser, rapporter