Pressemelding -

Byggjekostnadsindeks for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg, desember 2009

Røyrleggjarkostnadene opp 2 prosent

Byggjekostnadene for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg auka med 2,0 prosent frå desember 2008 til desember 2009. Materialkostnadene steig med 1,7 prosent i den same perioden.

Det siste året har kostnadene for sanitærinstallasjonar og varmeinstallasjonar auka med høvesvis 2,5 og 1,6 prosent. Materialkostnadene steig med 2,4 og 0,9 prosent i den same perioden.

Frå november til desember i fjor var det ingen endring i kostnadene for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg.

Byggjekostnadsindeks for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg. 2000=100

Tabeller: http://www.ssb.no/bkiror/

Emner

  • Bygg, eiendom

Kontakter

Har du spørsmål om statistikk?

Pressekontakt