Pressemelding -
Harmonisert konsumprisindeks for Noreg, april 2010
HKPI opp 0,2 prosent
[Figur: Harmonisert konsumprisindeks. Prosentvis endring frå same månad
året før]
Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg viste ein oppgang på 0,2
prosent frå mars til april 2010. Prisane på klede og bøker auka mest, medan
prisane på elektrisitet og flyreiser gjekk ned.
HKPI for Noreg var 112,6 (2005=100) i april 2010, mot 108,9 i same månaden
året før. Dette svarer til ein tolvmånadersvekst for april på 3,4 prosent,
ein nedgang på 0,2 prosentpoeng frå mars.
Sjå konsumprisindeksen for fleire detaljar.
EU, EØS og euroområdet
Førebelse tal for mars 2010 viser at HKPI for EU og EØS var høvesvis 111,1
og 111,2, medan HKPI for euroområdet var 109,4. Tolvmånadersveksten i HKPI
i mars var 1,9 prosent både for EØS og for EU, medan veksten i euroområdet
var på 1,4 prosent. I euroområdet var tolvmånadersveksten for april 2010 på
førehand estimert til 1,5 prosent.
Detaljerte tal for april blir publiserte på Eurostat sine heimesider 18.
mai.
[Tabell: Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land.
Endring i prosent]
http://www.ssb.no/hkpi/
Emner
- Detaljhandel