Pressemelding -

Kulturstatistikk. Fag- og forskingsbibliotek, 2009

Utlånsvekst i fagbiblioteka

Fag- og forskingsbiblioteka utførte nær 4,6 millionar utlån i 2009. Det
representerer ein auke i utlåna på drygt 9 prosent. 87 prosent av utlåna
var lokale utlån, medan 619 000 var fjernlån. Utførte fjernlån hadde ein
auke på litt over 13 prosent.

Nesten halvparten, 2,1 millionar utlån, blei utførte ved
universitetsbiblioteka. 1,9 millionar, eller 89 prosent, av desse utlåna
var lokale. Nasjonalbiblioteket hadde lågast del lokale utlån, med 27
prosent, medan dei andre fagbiblioteka hadde drygt 90 prosent lokale utlån.

I 2009 blei det i utført nær 280 000 innlån av dokument ved fagbiblioteka.
39 prosent av innlåna gjekk føre seg i universitetsbiblioteka.

[Figur: Bøker og periodika. Prosent]

Talet på bøker og tidsskrift aukar

Totalt har det vore ein svak nedgang i talet på dei fysiske einingane ved
fagbiblioteka siste året, medan talet på bøker og tidsskrift har hatt ein
auke på 0,6 prosent. Forutan bøker og periodika består dei fysiske
einingane av manuskript, mikroformer, kartografisk materiale, musikaliar,
patent og anna bibliotekmateriale. Avgang av mikroformer utgjer mesteparten
av nedgangen. Totalt utgjer dei fysiske einingane i fagbiblioteka nær 33
millionar. Av dette utgjer bøker og tidsskrift over 20 millionar, eller 63
prosent.

Universitetsbiblioteka har nær halvparten av bestanden av bøker og
periodika, og har siste året hatt ein auke på nær 2 prosent.

Flest bibliotekfaglege årsverk

I 2009 blei det utført nær 1 600 årsverk ved dei vel 320 bibliotekeiningane
som statistikken omfattar. 66 prosent av årsverka var i bibliotekfaglege
stillingar, ein litt lågare del enn i 2008. Dei samla utgiftene for fag- og
forskingsbiblioteka i 2009 var om lag 1,5 milliardar kroner. 26 prosent av
utgiftene gjekk til innkjøp av materiale til samlingane. Ikkje alle
biblioteka fører kostnader til løn i rekneskapane sine, i nokre tilfelle
blir løn dekt av eigarinstitusjonen.

Om talgrunnlaget

Statistikken over fag- og forskingsbibliotek omfattar 323
bibliotekeiningar i 2009. 63 av desse einingane er knytte til universiteta.
Dei vitskapelege høgskolane og kunsthøgskolane utgjer 14 einingar. Det
teologiske menighetsfakultetet, Handelshøyskolen BI og Misjonshøgskolen er
frå 2008 i kategorien vitskapelege høgskolar. Bibliotek ved
helseinstitusjonar er frå 2008 skilde ut som eigen kategori. Frå 1. januar
2009 er Høgskolen i Tromsø, biblioteket, fusjonert med
Universitetsbiblioteket i Tromsø.


http://www.ssb.no/ffbibl/

Emner

  • Kunst, kultur, underholdning

Kontakter

Har du spørsmål om statistikk?

Pressekontakt