Pressemelding -

Medlemer i arbeidsgivar- og arbeidstakarorganisasjonar, 2009

Svak auke i talet på fagorganiserte

Talet på medlemer i landsomfattande arbeidstakarorganisasjonar utgjorde i
underkant av 1 637 000 personar ved utgangen av 2009. Dette var ein auke på
vel 15 000 personar frå 2008.

Dei fire store hovudsamanslutningane LO, YS, Unio og Akademikarane
organiserer no 93 prosent av medlemene i arbeidstakarorganisasjonane, mot
87 prosent for ti år sidan.

På arbeidsgivarsida er det små endringar i talet på medlemsbedrifter med
tariffavtale samanlikna med året før.

Sjå fleire tal i Statistikkbanken.

Om statistikkgrunnlaget

Statistikken vert innhenta frå arbeidstakar- og
arbeidsgivarorganisasjonane og omfattar talet på medlemer per 31. desember.

Dette er arbeidsgivarorganisasjonar som hjelper medlemene sine med
tariffavtalar og forhandlingar om lønn. Organisasjonar som berre driv med
spørsmål av reint fagleg art, er ikkje med i statistikken.

Medlemer i arbeidstakarorganisasjonar omfattar alle registrerte
medlemer, også ikkje-yrkesaktive som studentar, pensjonistar med vidare.


http://www.ssb.no/arborg/

Emner

  • Undersøkelser, rapporter

Kontakter

Har du spørsmål om statistikk?

Pressekontakt