Pressemelding -

Obligasjonar og sertifikat, mars 2010 Stor utskifting av statskassevekslar

I mars 2010 vart det ferda ut store volum av sertifikat i Noreg på grunn av
utskiftingar av statskassevekslar. Elles var 1. kvartal 2010 prega av
moderate volum av emisjonar av obligasjonar og sertifikat i dei fleste
sektorar.

[Figur: Emisjonar i pålydande verdi]

Det vart registrert 165 utferdingar av obligasjonar og sertifikat for
totalt 144,0 milliardar kroner i Noreg i mars 2010. Samanlikna med den
føregåande månaden gjekk talet og beløpet på utferdingar opp med høvesvis
39 prosent og 449 prosent. Sett i høve til mars året før gjekk talet på
utferdingar ned med 7 prosent, mens beløpet gjekk opp med 23 prosent.

Store delar av utferdingane innalands gjeld uskiftingar av lån

Statsforvaltninga ferda ut det største volumet av obligasjonar og
sertifikat i mars 2010, i alt 113,0 milliardar kroner. Dette er meir enn
dobbelt så stort volum som i mars året før. Nesten heile beløpet gjaldt
rulleringar av statskassevekslar som forfell, og som igjen har vore bytt
mot eksisterande obligasjonar. Bankane ferda ut det nest største volumet,
med 8,3 milliardar kroner, 165 prosent meir enn i mars 2009. Andre
finansielle føretak ferda ut betydeleg mindre volum av obligasjonar og
sertifikat enn tidlegare, 2,3 milliardar kroner, som er berre 6 prosent av
beløpet som vart ferda ut i mars året før. Dette kjem i fyrste rekkje av ei
ubetydeleg utferding av obligasjonar med førerett i år i høve til i fjor.
Også andre sektorar, særleg offentlege føretak, ferda ut betydeleg mindre
volum.

Store utferdingar frå innalandske finansielle føretak utafor Noreg

Utafor Noreg ferda norske einingar ut i alt 192 obligasjonar og sertifikat
for totalt 103,6 milliardar kroner i mars 2010. Samanlikna med den
føregåande månaden var talet på slike utferdingar uendra, medan beløpet
gjekk opp med 56 prosent. Men samanlikna med mars 2009 da det òg var store
utferdingar utalands, gjekk talet og beløpet ned med høvesvis 24 prosent og
4 prosent. Kredittføretak ferda ut det største volumet av obligasjonar og
sertifikat, til saman 47 milliardar kroner. Bankane ferda ut det nest
største volumet, til saman 41 milliardar kroner.

[Figur: Sektorfordeling av låneopptak innalands]

Framleis auke i obligasjons- og sertifikatgjelda

Obligasjons- og sertifikatgjelda veks framleis i høve til gjelda i 2009.
Ved utgangen av mars 2010 var den innalandske obligasjons- og
sertifikatgjelda på totalt 1 582 milliardar kroner. Dette er ein auke på 14
prosent frå utgangen av mars 2009. Den obligasjons- og sertifikatgjelda som
norske einingar hadde utafor Noreg, var på nær 1 105 milliardar kroner.
Meir enn 40 prosent av gjelda forfell før utgangen av 2012, anten ho er
teken opp i eller utafor Noreg.


http://www.ssb.no/obligasjoner/

Emner

  • Undersøkelser, rapporter

Kontakter

Har du spørsmål om statistikk?

Pressekontakt